I dei to siste seriekampane før møtet med Gjerpen hadde det blitt klare tap mot Tertnes og Stabæk for Storhamar. Trenar Arne Senstad uttalte etter kampen mot Tertnes at laget ikkje ville nok. I Skienshallen onsdag kveld var det eit offensivt Storhamar-lag som entra bana, men vertane gav hamarslaget god kamp. Malene Aambakk skåra det første målet i kampen, og laga følgde kvarandre tett fram til slutten av 1. omgang. I løpet av dei siste minutta av omgangen klarte Gjerpen å skaffe seg ei lita luka, og gjekk til pause med 15-12-leiing.

I starten av 2. omgang spelte heimelaget godt forsvar, og fleire målvaktsredningar gjorde at leiinga auka. Etter ti minutt var stillinga 22-16, men så starta snuoperasjonen for Storhamar. Med ti minutt att av kampen skåra Hilde Egset gjestene sitt 24 mål for kvelden, og den tidlegare Volda-kapteinen sende Storhamar i føringa 24–23. Aambakk, som skåra på alle sine seks skot i kampen, skåra dei to neste for gjestene, og auka leiinga. Storhamar kontrollerte kampen i sluttminutta, og sikra seg to viktige poeng med 30-24-siger. Aambakk vart toppskårar for Storhamar med seks skåringar.

23-åringen frå Åmdal er ein av fleire spelarar i årets Storhamar-stall som står utan kontrakt komande sesong. Til Hamar Arbeiderblad seier ho at trenarane gjev spelarane tryggleik, og at ho ikkje går rundt og tenkje på kontrakta.

Aambakk leverte og svært godt mot Gjerpen då Storhamar slo dei 45–30 i januar. Den gongen vart det fjorten skåringar på bakspelaren.

– Det sitt kanskje mentalt at eg er god når vi spelar mot dei, for eg veit at eg har gjort det bra tidlegare. Det gir meg vel ei god kjensle. Eg skal prøve å få med meg det spelet her mot dei andre laga, seier Aambakk til Hamar Arbeiderblad.

Aambakk har von om bli meir stabil i spelet sitt.

– Det er sjukt frustrerande å ikkje få ut potensialet sitt. Eg veit at eg kan, men eg må berre byrje på trening: Å bli trygg der, og så prøve å få det med meg i kamp. Det hadde vore digg å ikkje svinga så mykje.

Trenar Senstad gav Aambakk ros etter kampen onsdag, og held døra open for ny kontrakt.

– Malene har utan tvil eit talent, som vi må prøve å hjelpe og jobbe med. Ho har nokre kampar der ho er outstanding.

– Malene har ikkje kontrakt etter sommaren, men vi må sette oss ned og snakke med ho. For vi har lyst til å vere med på å utvikle ho, seier Senstad til avisa.

Til neste sesong er sjansen stor for at Larvik vert vippa ned frå handballtrona i Noreg. Storhamar er eit av laga som kan vere med å kjempe om eit seriegull. Tidlegare har klubben henta Heidi Løke og Anne Kjersti Suvdal, og no er det og klart at målvakt Alma Hasanic Grizovic er klar for klubben. Senstad har varsla at klubben vil hente fleire nye spelarar.

Storhamar avsluttar årets sesong i eliteserien med heimekamp mot Rælingen søndag 2. april. Med siger mot botnlaget enda Storhamar på 5. plass i eliteserien.