– Eg synest det gjekk fint for mitt vedkommande på landsdelssamlinga. Det var både treningar og kampar på det fire dagar lange tiltaket. Trenarane var flinke og eg vart godt kjent med mine roller på bana. Eg fekk til og med prøve meg i andre posisjonar enn der eg spelar til vanleg. Det var både spennande og utfordrande. Sportsleg så føler eg at eg har fått vist kva eg kan. I forbindelse med den fire dagar lange samlinga fekk eg også nye venninner, sa Tora.

Ho syntest det var kjekt å møte jamgamle jenter frå andre kantar av landet som har ambisjonar på fotballbana. Lærerikt var det også å få bryne seg på dei som etter all sannsyn kjem til å utgjere det første aldersbestemte landslaget i denne årgangen. Tempoet og aggressiviteten i spelet var den største forskjellen på det ho opplever i klubbkvardagen og samlinga.

Landslaget freistar

13-åringen var førebudd på at det ville bli slik sjølv om ho har ein bra treningskvardag i Ørsta. Hun spelar fast på J16-laget og trenar også med damelaget. Det kan også bli aktuelt å trene med G16 framover slik at ho får meir tempo og fysikk. Ose-jenta trekker fram dyktige trenarar, gode spelarar, innhaldsrike økter og det gode miljøet som det beste med NFF-tiltaket.

– Du har allereie kome langt. Kor god håper du å bli på sikt, Tora?

– Det er vanskeleg å svare konkret på det spørsmålet. Eg skal gjere det eg kan for å kome lengst mogleg. Hovudfokuset mitt er å gjere det best mogleg kvar gong eg er på bana. I tillegg til fellestreningane så terpar eg ein del på eiga hand. Ein gong i framtida håper eg å få spele for det norske landslaget. Første moglegheit for å få spele for Noreg blir vel om eitt års tid, seier ho til Møre-Nytt.

Hardt arbeid over tid er nøkkelen for å få moglegheita til å trekke landslagsdrakta over hovudet. Norges Fotballforbund håper at den type tiltak fungerer som inspirasjon for dei som har landslagsambisjonar. På same måte som de unge jentene får referansar på kva som krevjast og forventast av dei som har ambisjonar om å bli landslagsspelarar. Det handlar i botn og grunn om å vere villig til å trene bra og ikkje minst påpasseleg med kosthald, søvn og restitusjon. Dette var også eit av temaa på samlingane.

Svein Halvor Moe