– Eg debuterte her som 18-åring og sidan har det meir eller mindre vore fast takst at eg er den tredje eller fjerde helga i mars i Mjøs-traktene. To gonger har eg reist heim etter at rennet har blitt avlyst. Eg må innrømme at det var litt stussleg å vere i målområdet å få beskjed om avlysinga. Men det var lite eg fekk gjort med det, sa Saure som har ni merker i Birkebeinerrennet.

Fem gonger har han kryssa målstreken for seint til å få merket som heng høgt i dei fleste krinsar. I år klarte Dan Børge merket med god margin ettersom han gjekk eit kjempeløp og vart klokka i mål på 3 timar og 7 minutt. Han var fornøgd sjølv om bestenoteringa er fem minutt betre. Ørstingen veit at han på ein god dag er kapabel til å få sjå totimarstalet i Birkebeinerrennet.

Mykje bilkøyring

For å bryte den magiske tretimarsgrensa er Saure avhengig av at det er gode forhold og at han treff med skia og dagsforma. Treningsgrunnlaget var i år litt skrinnare enn det bruker å vere. Det har mest samanheng med den elendige snøvinteren på Søre Sunnmøre. I år har det vore få dagar det har vore mogeleg å trene på Bondalseidet. Dermed har det blitt mykje bilkøyring.

– Eg har køyrt ein del til Hornindal kor det har vore greie forhold. Minuset er at vi må bruke tre kvarters tid i bil kvar veg. Negativt for rekrutteringa er det også når snøen ikkje kjem. Det blir utfordrande å halde på dei yngste dersom vi ikkje kan tilby treningsforhold innanfor kommunegrensa, sa Dan Børge som tidlegare i vinter var i Italia og gjekk Cortina-Toblach som er eit populært langløp.

Runar klarte merket på nytt

Runar Gretland var ein av fleire lokale som gjekk fort og klarte merkekravet i Birkebeinerrennet med god margin. 3 timar og 12 minutt stoppet klokkene på for Runar i det 56-kilometer lange rennet.

– Eg hadde før start forhåpningar om at det skulle vere mogeleg å gå under fjorårstida på 3,19 ettersom det var bra forhold og eg følte meg like sterk som for eitt år sidan. Prestasjonen i år var nok litt betre sjølv om føret også var hakket betre enn for eitt år sidan, sa Gretland som roste Jonny Rise som var den som gjorde det best av dei lokale denne gangen. Tre timar og fire minutt brukte Jonny på si ferd frå Rena til Lillehammer i det krevjande terrenget.

Gretland kunne etter målgang konkludere med at han hadde lagt på nok festesmurning. For han var det aldri noko alternativt å stake frå start til mål. Runar ser at han i ettertid kunne ha lagt på mindre feste og fått betre glid. Hovdebygda-løparen kunne ha tenkt seg det mot slutten da kroppen begynte å gå tom for krefter og næring. Det er berre dei færraste som kan gå langt utan å få fartstrøbbel mot slutten. Gretland vart også sliten mot slutten av rennet.

Hadde ein fin tur

– Eg hadde ein fin tur sjølv om den siste mila var betydeleg tyngre enn den første. Vi har heldigvis gjort unna dei verste stigningane når vi kjem til Sjusjøen. Det er heldigvis for det meste flatt og utfor derifrå og inn, seier Gretland som også bruker å vere med i Birkebeinerløpet. Birkebeinerrittet har han så langt heldt seg unna. Runar har meir fokus på å vere langrennstrenar for dei yngste enn å trene sjølv. Men innrømmer at det er bonus når han også får rørt på seg sjølv.

Svein Halvor Moe

GOD FORM: Runar Gretland er meir ivrig på å vere langrennstrenar for dei yngste enn å trene sjølv. Han held likevel eit bra nivå i langrennssporet. Foto: Svein Halvor Moe Foto: Svein Halvor Moe