Allereie måndag førre veke var Torstein Mo Vatne og dei andre elevane på snowboardlina ved NTG Geilo samla i Trysil. Dagane fram mot noregscupen vart brukt til å førebu seg, og samlinga gav resultat for den lokale 16-åringen. I slopestyle var det kvalifisering til X-Games Noreg, og her konkurrerte dei yngre mot dei meir etablerte køyrarane. Mo Vatne fekk til ei god kvalifisering og var blant dei ti køyrarane som tok seg til finale. I finalen gjekk det endå betre enn i kvalifiseringa, og 16-åringen kom til slutt på ein sterk 6.-plass i konkurranse med landslags- og rekruttlandslagskøyrarar.

– Eg er veldig godt nøgd med gjennomføringa og plasseringa, og eg køyrde mot svært gode konkurrentar, seier Mo Vatne.

I tillegg til delta i slopestyle laurdag var Mo Vatne med i big air-konkurransen i juniorklassa.

– Der vart eg nummer tolv, og eg var ganske godt nøgde med det. Eg gjorde betre enn kva eg hadde forventa.

Noregscupen i Trysil vart den første med Mo Vatne på startstreken. Første runde i noregscupen vart arrangert i Vierli tidlegare i januar, men der var det lokale snowboardtalentet uheldig og pådrog seg hjerneristing i oppvarminga. Dermed kunne han ikkje delta, men det tok ikkje lang tid før han kom til hektene att.

I august i fjor flytta 16-åringen frå Ørsta og til Geilo etter at han kom inn på snowboardlina ved NTG Geilo.

– Det er heilt rått å vere her, og det å få lov til køyre snowboard kvar dag er heilt fantastisk. Forandringa er stor for meg. Då eg budde i Ørsta hadde eg ikkje så mange å køyre saman med, og miljøet var mykje mindre. Her er eg ein del av eit stort miljø og vi deler felles interesser. At vi fekk reise til Trysil fem dagar før konkurransane og førebu oss seier litt om kor kjekt det er her.

Mo Vatne angrar på ingen måte at han søkte seg til Geilo, men må innrømme at det var litt tungt å lage mat og vaske kle sjølv i starten. På Geilo er snøforholda meir stabile enn på Søre Sunnmøre, og det gjer treningskvardagen mykje enklare for 16-åringen. Målsettinga om å kome på landslaget og få ta del i dei store konkurransane rundt omkring i verda har ikkje forandra seg.

– Så lenge eg får køyrt snowboard så er det bra for meg.

Komande helg skal Mo Vatne i aksjon i noregscupen på Geilo.