Aldri har vel breidda i Hovdebygda IL langrenn vore så stor som no. Laurdag var det krinscup renn i Molde der HIL deltok med 3 langrennsløparar og samtidig deltok 18 born og ungdom på landsrenn/krinsrenn for Sogn og Fjordane i Stryn. I Molde merka vi oss at Vegard Røyrhus, også denne helga, hadde beste tida i junior/senior. På rennet på Ullsheim, Markane i Stryn, merka vi oss mellom anna at Adrian Flote greidde ein flott 2.-plass i G16. I G12 vart det 2.-plass til Jørgen Gretland, 3.-plass Simen Vatne Haram, 4.-plass til Luckas Loe Selbervik. Det var elles mange gode plasseringar. Søndag var det stafett.

Hovdebygda IL langrenn stilte sterkt også denne dagen med 5 stafett lag og 15 deltakarar. Treningane til HIL legg opp til at alle på alle nivå, skal kunne vere med på trening og likeins skal ein kunne delta på skirenn både som nybegynnar og som meir erfaren. Stafettar høver veldig godt til dette. Den som har lyst til å konkurrere mykje får høve til det, eller ein kan delta berre på lokale renn. No etter at Kvivsvegen gjer turen til indre Sunnmøre og Nordfjord veldig kort, er det mange fleire kortreiste skirenn å velje mellom. Vi har hatt snø berre ei veke, likevel hadde vi med over 20 deltakarar denne helga, og det var veldig kjekt. Vi må nemne at i klasse G11-12 år greidde 1.-plassen i konkurranse med gutar frå heile Sogn og Fjordane etter å ha leda frå start til mål. Eit veldig ungt G13-16 lag, greidde ein fin 5.-plass i konkurranse med 13 stafett lag.

Desse laga deltok: G/J 9-10: Hovdebygda 1: Sondre Vatne Haram, Johan Vågsholm og Ingrid Saure Riise. Hovdebygda 2: Dorthea Gretland, Mia Vatne Aa og Mathea Loe Selbervik.

G11-12: Luckas Loe Selbervik, Simen Vatne Haram og Marius Saure Riise

J13-16: Nathalie Vatne Aa, Emilie Flote og Hanna Saure Riise.

G13-16: Adrian Flote, Jørgen Gretland og Håvard Sætre.

Torsdag 19. januar er Hovdebygda IL arrangør av det 1. rennet i Sparebank 1-cupen på Bondalseidet med klasser frå 5 år til senior. Så vert det stafett laurdag 28. januar på Volda skisenter og søndag 29. januar vert det krinsmeisterskap for heile Møre og Romsdal på Bondalseidet med innlagt Sparebank 1-cup frå 5 år. Alle desse renna er i fristil. Totalt vert det arrangert 5 renn som tel med i cupen. I april vert det premieutdeling der det vert premiert ut ifrå det tal renn ein har delteke på.

Ref. Hovdebygda IL langrenn – Guttorm Øye

Gutelag: HIL sitt gutelag klasse 11–12 år. Frå venstre Luckas Loe Selbervik, Simen Vatne Haram og Marius Saure Riise. Foto: Hovdebygda IL langrenn