Ørsta låg på nedrykksplass før siste serierunde i 4. divisjon. Det var eitt poeng opp til Norborg og Hareid på dei trygge 7.- og 8.-plassane. Med Ørsta-siger og poengtap for eitt av dei to andre laga ville sikre Ørsta fornya kontrakt i 4. divisjon. Heime mot Stranda tok det berre fem minutt før Ørsta-publikummet kunne juble. Etter eit hjørnespark hamna ballen i beina på Marius Ulla, og frå ti meter sende han heimelaget i føringa. Vertane hadde trykket og var best i 1. omgang, men det vart ikkje skapt dei store sjansane. Ulla hadde ei avslutning like utanfor etter 30 minutt, og tre minutt seinare varta Stranda-målvakta opp med ei god redning på avslutninga til Knut Erik Myklebust. Fem minutt seinare var Myklebust god då han lobba over målvakta frå skrått hald, og auka leiinga til 2–0. Ørsta gjekk til pause med 2-0-leiing, og låg på ein trygg 7.-plass. På dei andre stadionane var stillinga 0–0 mellom Hareid og Skodje og 0–0 mellom Godøy og Norborg.

I starten av 2. omgang fekk Jørgen Winjevoll ein stor sjanse, men avslutninga gjekk utanfor. Ørsta var nær å lage sjølvmål etter ti minutt, og nokre minutt seinare reduserte Stranda. Då hadde Norborg teke leiinga 2-0, og Hareid var i føringa 1–0 mot Skodje. Etter reduseringa mista Ørsta initiativet i kampen, og Stranda kom meir med. Myklebust var svært nær sitt andre mål for kvelden, men målvakta redda. Stranda kontra og utlikna til 2–2 i det påfølgjande angrepet. Ørsta tok tilbake kontrollen over kampen og Henning Mork Sandvik skåra 3-2-målet. Både Olai Vinjevoll, Myklebust og Markus Halse hadde gode sjansar til å auke leiinga på tampen av kampen, men det ebba ut med 3-2-siger for Ørsta. Dessverre for heimelaget sin del vann Norborg 2–0 borte mot Godøy, og Hareid vann 2–0 heime mot Skodje. Dermed enda Ørsta på nedrykksplass i 4. divisjon i år.

– Vi gjorde jobben vår, og dei andre laga gjorde jobben sin. Vi gjorde vårt beste, og eg kan ikkje krevje noko meir enn det, sa Ørsta-trenar Are Bjørgum etter kampen.

Onsdag gav Ørsta IL fotball beskjed om at dei kjem til å fremje forslag om utviding av 4. divisjon frå 12 til 14 lag i sesongen 2017.

– Vi har sendt ut dette forslaget til sunnmørsklubbane i 3. divisjon, 4. divivisjon og 5. divisjon. Tilbakemeldingane vi har fått er i klart fleirtal positive. Vi har difor bestemt oss for å fremje sak om utviding frå 12 til 14 lag på kretstinget i desember.