– No har vi passert 250 påmelde, og det er berre 10–15 ledige plassar att. Vi reknar med å verte fullteikna i løpet av veka, eller så melder dei siste seg på før start laurdag, seier Arve Haugland som saman med Martin Hauge-Nilsen er initiativtakarane bak hinderløpet. Over stokk og stein vert arrangert med god hjelp frå lokalmiljøet

I fjor var det rundt hundre deltakarar i klassene ungdom, familie, mosjon og konkurranse. I år vert talet på deltakarar meir enn dobla. Naturen stiller med heilt naturlege hinder som m.a. bekkar, rotvelter og grøfter. I tillegg har arrangøren bygd nokre ekstra hinder, og den siste finpussen har no blitt gjort.

– No manglar vi berre utkøyring av nokre rundballar og ein traktorhengar. Resten av hindera vart vi ferdig med søndag, seier Haugland.

Arrangøren vonar at det vert nokolunde vêr laurdag, og ser fram til folkefest i Follestaddalen.

– Vi skal setje opp to store partytelt, og om vêret skulle bli dårleg har vi dermed ein del plass under tak.

Det er ikkje berre hinderløp som vert arrangert i Follestaddalen i september. 10. september er det klart for hindermaraton.

– For dei som har lyst på ei utfordring så er hinderløp halv- og heilmaraton det nye. Dette er den einaste hindermaratonen i Norden.

Hindermaraton vil verte arrangert som eit rundbaneløp. Løypa er 8,4 km, og det skal gjennomførast fem rundar. Det vil vere over 60 hinder per runde, og løypa går i traseen til hinderløpet Over stokk og stein. Arrangøren er klar til å ta imot maratondeltakarane neste laurdag.

– Det einaste som står att for at løypa skal vere heilt klar er ei slalåmløype. Denne skal vere der det vert parkeringsplass under hinderløpet, og kjem på plass etter helga.

Det er framleis ein del ledige plassar igjen for dei som kunne tenkje seg å vere med på hindermaraton.

– Vi fekk ei artig påmelding frå ein mann på 72 år. Han reknar med å bruke 10–12 timar på å gjennomføre, men det er sprekt gjort av ein 72-åring. Spesielt på halvmaratonen har vi ein del ledige plassar. Vi oppmodar fleire lokale skiløparar og syklistar til å ta del. Mange av dei reiser land og strand for å vere med på spesielle løp, og dette vert arrangert i deira eigen bakgard.