Ørsta stilte med to J13-lag i Lerum cup. Fredag morgon opna Ørsta kvit Lerum cup med 4-3-siger over Langevåg, og i andre kamp vart det eit knipent tap mot Dale. Med storsiger 15–2 over Sædalen i siste gruppespelskamp var Ørsta klare for kvartfinale i a-sluttspelet. Ørsta svart slo Jølster og FBK Voss 2 3-0, og tok seg til kvartfinale. Skodje var motstandar for Ørsta kvit, og Ørsta-jentene vann kampen 4–1. For Ørsta svart vart det 2-3-tap mot Langevåg.

Vik mot Ørsta

I semifinalen venta Kaupanger. Ørsta kvit spelte ein god kamp og vann 4–1. Dermed var laget klare for finale. På motsett banehalvdel stod Vik sitt J13 lag. Det vart ein jamn finale mellom klubbane som begge har Vik Ørsta som sponsor, men det var Vik som vann klassa i Lerum cup med 2-1-siger. Det var likevel ein blid gjeng frå Ørsta som fekk delt ut medaljane av Håvard Flo, tidlegare landslagsspelar og sportsleg leiar i Sogndal.

Sølv til G13-laget

J13-laget til Ørsta var eitt av fem Ørsta-lag som deltok i Lerum cup. I G13-klassa stilte Ørsta med ein 9-ar-lag og eit 7-ar-lag. 7-ar-laget tok seg til b-sluttspelet. I kvartfinalen mot Strandebarm enda kampen uavgjort, men Ørsta gjekk vidare på loddtrekning. I semifinalen vart det 2-1-siger mot Voss, og Ørsta-gutane var klare for finale. Langevåg var motstandar for Ørsta, og drog det lengste strået i finalen. Dermed vart det sølv til Ørsta.

Fire sigrar

G12-laget til Ørsta leverte fleire gode kampar og resultat. Mot Nest-Sotra Vest vart det 4-1-siger. Skodje vart slått 10–0 og det vart 5-3-siger mot Bjarg Safir 2. Mot Sogndal Swing vart det 2-0-siger, og Ørsta spelte uavgjort 2–2 mot Arna-Bjørnar Garnes.

Siger og uavgjort for Vartdal

I tillegg til Ørsta sine lag stilte Vartdal med G11-lag. Dei spelte m.a. uavgjort mot Gol IL, og i siste kamp mot Radøy/ Manger vart det 4-3-siger for Vartdal-gutane.