Det er smp.no som skriv dette.

Kristine Eikrem Engeset tok teten ut frå start og var i leiinga til ei knapp runde frå mål. Det heldt ikkje heilt inn, og Kristine kom i mål på tida 4.25,53. Det er eit godt stykke frå EM-kravet på 4.12.

Til smp.no seier Kristine at ho ikkje har nok fart i kroppen.

- Eg mista nyleg tre veker med trening grunna influensa. No er eg frisk att og skal gjere eit ærleg forsøk på EM-kravet. Eg spring i England onsdag neste veke, så truleg Polen.

Siste sjanse for å klare EM-kravet er 27. juni.

Hennar personlege rekord på 1500-meter er 4.09,40, frå 2007.

Vinnar på 1500-meter laurdag vart Manona Kruiver, Nederland, på tida 4.16,22.