Jonas Kvalen var kampens store spelar ifølgje NRK då Noreg slo England 3-1 i første kvalifiseringskampen fredag. Kvalen, som har vore proffspelar i Belgia denne sesongen, sikra 21 poeng for Noreg, og van Djik Festøy hadde ei fantastsik serverekkje i tredje sett.

Mot Ungarn laurdag var det tap i dei to første setta for Noreg. I det tredje sette slo det norske landslaget tilbake, og med siger i fjerde og femte sett vann Noreg kampen 3-2. Kvalen vart igjen Noreg sin toppskårar med 16 poeng.Noreg trengde siger i tredje kamp mot Israel søndag for å ta seg vidare til andre kvalifiseringarunde til EM. Igjen vart det ein kamp over fem sett, men dessverre for det norske herrelandslaget var det Israel som kom jublande ut med 3-2-siger. Noreg var i føringa med poeng i siste og avgjerande sett, men det gjekk ikkje Noreg sin veg.