Malene Aambakk var ute i fire månader med skade. I comebacket på handballbana vart ho toppskårar for Storhamar og kåra til banens beste spelar. Då Storhamar banka Viking 36–16 laurdag var Aambakk igjen banens beste spelar, og toppskårar med elleve mål. Til Hamar Arbeiderblad seier Aambakk at skaden har gjort ho til ein betre spelar.

– Avbrekket gav meg moglegheita til å trene mykje styrke, og eg kom styrkt fysisk ut av dei fire månadane. No går skota inn, og kroppen kjennast veldig bra ut. Det er eit resultat av den gode jobben eg gjorde mens eg var skadd.

I kampen mot Viking hadde Aambakk tretten avslutningar, og elleve gjekk i mål. Tre av måla kom i løpet av dei siste minutta av kampen.

– Eg kjenner at eg er veldig sugen på å spele no. Det er gøy å spele handball etter å ha vore ute så lenge.

Storhamar står med femten sigrar på seksten kampar, og toppar 1. divisjon for kvinner. Njård er neste motstandar for Aambakk og Storhamar på bortebane.