Etter tapet mot Viking i helga uttalte trenar Igor Terzic at forsterkningar var på veg til Volda, og i dag kunne Volda handball presentere to nye spelarar som dei vonar skal bidra til at klubben tek dei rette stega for å sikre framhald i 1. divisjon. Signeringane har kom i stand etter lengre tids arbeid.

Karoline Dyrhol Slenes (34) er ingen ukjend spelar for regionen. Etter å ha trappa ned med spel for Ørsta sitt 4. divisjonslag, var ho ikkje sein å be då Volda kom på bana tilbaud spel på høgare nivå.

– Det er med handballspelarar som med sirkushestar. Når ein luktar sagmugg, er det lett å gå inn i manesjen igjen, ler Slenes då ho forklarar kvifor ho no igjen er klar for Volda.

Då Volda sist var i 1. divisjon, var ho også ein del av laget siste havdel av sesongen. No gjentek altså historia seg.

– Eg vil gjere alt som står i mi makt til å hjelpe laget og klubben, slik at vi kan sikre fornya kontrakt i 1. divisjon. Volda og området vårt treng toppidrett, avsluttar ho, før ho spring vidare til jobben som sjukepleiar på Volda sjukehus.

Marija Shteriova (24) er makedonsk landslagsspelar, som kjem frå den ungarske klubben Fehervar. Ho er bakspelar med erfaring frå ungarsk topphandball, i tillegg til den makedonske toppklubben Vardar, som har spelt fleire sesongar i Champions League. Det er ingen tvil om at Volda har fått tak i ein klassespelar som kan vere med på å bringe ny energi inn i laget. Trenar Igor Terzic seier det er ein stor prestasjon å få inn ein slik spelar midt i ein sesong, og håper Shteriova kan bringe erfaring og energi inn i ei spelargruppe som har hatt ein tung sesong så langt.

– Volda blir ei eksotisk oppleving for min del, og eg gler meg veldig til å ta fatt på treningane, seier ei blid Shteriova.

Slenes er speleklar til neste heimekamp, medan prosessen kring å få Shteriova speleklar er i gang. Som borgar i eit land utanfor EU og EØS er dette noko meir papirmølle, men klubben har von om å få det landa så raskt som mogleg.