Heile ni symjarar var med frå klubben. Me fekk låne minibussen til Sparebank 1 Søre Sunnmøre, som gjorde at me fekk ein triveleg og sosial tur til og frå – tidvis akkompagnert med allsong frå rampen på bakarste rad.

Dei fleste var med på 2–3 øvingar, og av dei som har vore med på stemne tidlegare vart det solide nye personlege rekordar på alle. Ådne Sætre imponerte stort mellom anna på 50 meter rygg der han persa med heile 12 sekund! Også storesyster Sigrid Sætre gav alt i bassenget. På distansen 25 meter rygg hadde ho så god fart at det enda med krasj i bassengkanten ved målgang, men når krasjen enda med ny pers på 5 sekund kan ein ikkje klage.

Sondre Vatne Haram forbetra bestetida si på 25 meter bryst med gode 4,5 sekund. Der mykje var vunne på grunn av eit veldig bra og effektivt startstup, noko han verkeleg har fått teken på. André Arntsen persa godt med 3 sekund på 25 meter bryst og sumde inn på gode tider i dei nye øvingane han deltok i på stemnet.

Dei som deltok for fyrste gong på stemne fekk oppleve at det er ikkje så skummelt å delta i konkurransar likevel. Tilde og Torkel Liaklev-Sørheim imponerte oss med flotte startstup – eit resultat av mykje øving og eigeninnsats i ferien. Sunniva Overå sumde inn til gode tider i alle øvingane ho deltok i, og sumde faktisk fortare 50 meter fri i stafettetappen enn individuelt. Kjempebra innsats for laget.

Klubben stilte med to stafettlag denne dagen, noko som ikkje har skjedd før i underteikna si tid i klubben. Laget med dei eldste sumde inn til ein 2.-plass. Ikkje verst når 3 av 4 på laget ikkje har delteke i stafett før. Bra innsats av Sigrid Sætre, Sunniva Overå, Ola Ryslett og Mats Leite Sætre. Dei yngste rekruttane ville også delta med eige lag, og heile gjengen tok ut dei siste kreftene og sumde som best dei kunne til ivrig heiing frå heiagjengen på kanten. Flott innsats av Tilde Liaklev-Sørheim, Ådne Sætre, André Arntsen og Sondre Vatne Haram.

Tusen takk for ein kjekk tur på stemne i lag med symjarar, foreldre og sysken, me vonar på like bra deltaking på stemnet i Brattvåg om to veker.