– Det har vore bra med interesse for fotballskulen, sjølv om vi kom litt seint i gang med marknadsføringa. Mange av dei som er med er også med på fotballfritidsordninga i Ørsta, og dei er sikra plass på fotballskulen via FFO. I år har det ikkje vore eit problem med å få fylt opp fotballskulen, seier Frode Følsvik som saman med Cato Steinnes har ansvaret.

– Vart litt heit i toppen

Aktiviteten under fotballskulen har både vore ute på stadion og inne i Kiwi-hallen. Då Møre-Nytt vitja fotballskulen onsdag var det stor stemning i hallen. Først var det dei unge som hadde straffesparkkonkurranse, før instruktørane måtte vise sine ferdigheiter. Av deltakarane var det Daniel Øye Lingås (8 år) som viste fram den mest presise foten, og gjekk av med sigeren i straffesparkkonkurransen.

– Eg vart litt heit i toppen under konkurransen, men det var svært kjekt å vinne.

Daniel er ein av dei som er med på alle fem dagane under fotballskulen. Han er også med på FFO, men er ikkje med alle dagane der.

– Det er veldig kjekt å vere her, og du blir kjent med andre. Eg kan ein del fotball, og trenar mykje saman med pappa, men her får eg trena på å bli betre på dei tinga eg kan, seier Daniel.

– Vi har det veldig kjekt

Også blant instruktørane, junior-, gute- og J16-spelarar, var det god stemning onsdag, og fotballskulen er med på å skape tettare band mellom ungdomen og dei yngste i klubben.

– Instruktørane representerer klubben på ein god måte, seier Følsvik.

På FFO i Ørsta har det vore nesten ei dobling i talet på deltakarar frå i fjor. Mange av dei som har kome til er jenter, og det tykkjer klubben er gledeleg. At fleire jenter vil spele fotball var også synleg på fotballskulen.

– Her får vi spele fotball, lære nye ting og vi har det veldig kjekt, seier Johanne Hovden, Lilly Sofie Sætre Humberset og Lene Bjerknes Liadal.

Medan Johanne og Lene er med på fotballskulen og spelar for Ørsta, er Lilly også med på FFO.

– Vi har veldig kjekke instruktørar på fotballskulen, seier dei tre jentene samstemt.

Eg vart litt heit i toppen under straffesparkkonkurransen