– Vi feirar 100-årsjubileum i Flatsalen på Ørsta kulturhus 30. oktober, og vi har vore så heldige å få landslagssjef Roger Finjord hit. Det er utruleg kjekt at han kjem. Under Norway Cup i sommar snakka vi saman etter at han hadde ein peptalk J14-laget vårt, seier Paul Rune Ingebrigtsen som saman med Sindre Skurtveit og Thomas Ryste sit i festnemnda for jubileet.

Møttest i sommar

Då Hovdebygda var i kontakt med Finjord under Norway Cup var han assistent under Even Pellerud på norske kvinnelandslaget. Ikkje mange dagane etter møtet med det lokale jentelaget vart han utnemnt til ny landslagssjef.

– Under opphaldet i Hovdebygda skal han vere med på ulike aktivitetar i regi av Hovdebygda Idrettslag. Finjord vert også med festaftanen på Ørsta kulturhus, og vil halde eit lite innlegg.

Tek del i fleire aktivitetar

Hovdebygda er også opptekne av å dele på moglegheita dei har fått ved å få landslagssjefen på besøk.

– Vi vil dele han med laga rundt oss i Volda og Ørsta. Vi må ha med alle, og tenkje samarbeid. Finjord vil halde ein motivasjonsprat først og fremst for leiarar og trenarar i Hovdebygda, men vi vil invitere andre lag. Han vil også vere med på oppstarten til Jenteakademiet, og markere starten på deira sesong. Finjord er motiverande og ein person som gir av seg sjølv.

100-årsfeiring

I samband med 100-årsfeiringa vil også 100-årsboka til Hovdebygda Idrettslag verte presentert. Revygruppa i Hovdebygda ungdomslag vil underhalde. Det vil verte enkel og god servering, og jubileumsfesten vert avslutta med dans.

– Denne feiringa er eit fantastisk flott høve for alle som har tilknyting til Hovdebygda Idrettslag til å ta del. Vi vil gjerne at dei som ikkje har vore med på ei stund tek del i feiringa og melder seg på. Dette kjem til å verte ei flott feiring av Hovdebygda Idrettslag, seier Skurtveit.

Det er utruleg kjekt at Roger Finjord tek turen hit