Det var i alle fall slik eg «fann henne» på min veg til eit møte med ein av dei største korpsentusiastane eg veit om. Ho treng litt berehjelp opp alle trappene på Kaihuset, men klarer seg nok vanlegvis fint på eiga hand også.

Brynhild kan dette med «multitasking», det vil seie at ho fint kan gjere fleire oppgåver samtidig. Det må ho dersom ho skal få tida til å strekke til. Ho er tilsett i Ørsta Kulturskule i ei 80% stilling. Arbeidsdagen startar på ettermiddagen og varer til ut på kvelden. Her underviser ho i saksofon, klarinett, piano, song og drama/teater. Det er den eigentlege jobben hennar. Men så kjem det alltid litt ekstra i tillegg. Det er så kjekt å dirigere kor, for ikkje å snakke om det å vere med i eit band eller fleire. Saksofonspeling i «Mixmasters» og «Faculty of Funk» er sjølvsagt, og så spelar ho jammen fagott i Ungdomssymfoniorkesteret også.

Brynhild dirigerer Hovden og Ørsta Skulekorps, og aspirantkorpsa både til Hovden-Ørsta og Vartdalsstranda. Så er ho dirigent for Volda og Ørsta korskule, og ho er formann i Ørsta Hornmusikk. Der spelar ho i tillegg saksofon, og forresten så deler ho på dirigentgjerninga der saman med tre andre for tida. Og ho spelar i Follestaddalen hornmusikk.

Det er til å misse pusten av. Men Brynhild synest det er slik det skal vere. Ho har det kjekt, og lever etter livsmottoet «Ver snille med kvarandre og ha det gøy.»

Kravet var å vere med minst eit år

Ho hadde ikkje særleg stor musikkinteresse frå barnsbein av. Oppveksten i Hovdebygda innebar sporadiske fritidssyslar. Det var først i konfirmasjonsalderen ho fekk sansen for korps og musikk. Brynhild si veslesyster spelte i Hovden skulekorps, og dei skulle til Danmark på tur. Det ville Brynhild også vere med på, så i april i 1995 starta ho opp med saksofonspeling i korpset. Beskjeden frå foreldra var klar; ho skulle vere med i korpset i minst eit år. Det var ikkje aktuelt å berre spele litt og vere med på tur, for så å avslutte karrieren.

Hekta på korps

Då året var omme, var Brynhild hekta på korps. Sidan har ho halde fram med engasjementet, og i år, når det er «Musikkorpsenes år» og Norges Musikkorps Forbund (NMF) feirar 100 år, held Brynhild framleis koken. Ho har eit aktivitetsnivå innanfor korpsrørsla som du skal leite lenge etter, og ho brenn for at barn og unge skal kome og vere med og få oppleve gleda og samhaldet som er i eit korps. På tvers av alder, skular, bygder og andre miljø. Her er alle med, små og store, og i skulekorpset frå sju til 19 år.

– Kan du ikkje spele? Det er berre å melde seg på, så ordnar Kulturskulen og korpset resten. Å spele i korps gir deg også vener for livet. Og dersom du flyttar ut frå Ørsta for å studere eller jobbe andre stader, er det berre å melde seg inn i korpset der du kjem. Då har du eit godt nettverk og får raskt nye vener med same interesse som du har, på den nye staden.

Det seier Brynhild, som ikkje er i tvil om at korps er viktig for alle bygder, ikkje berre på 17.mai, men elles også. Ho framhevar det gode samarbeidet som Hovden og Ørsta skulekorps og Ørsta Hornmusikk har. Nokre av ungdomane i skulekorpset er med saman med Hornmusikken, og nokre frå Hornmusikken hjelper til i skulekorpset når det trengst. Det er god kulturbygging på tvers av generasjonane.

Nyleg var det konsert på Kulturhuset i samband med NMF sitt 100-årsjubileum. Då var alle skulekorpsa og generasjonskorpsa i kommunen i sving på scena. Hovden og Ørsta skulekorps har også vore med på korpsidol, der dei konkurrerer saman med andre korps frå søre Sunnmøre.

Slike og liknande arrangement er med på å gjere det kjekt både å øve og å opptre. Og til hausten er det korpstur.

– I år slår vi på stortromma, bokstaveleg tala, og reiser til Edinburgh på «Military tattoo». Det blir 5-6 hektiske og spennande dagar, der vi både skal spele sjølve, og høyre og sjå kva andre driv med.

Brynhild skryter av styret som organiserer, og foreldra som stiller opp når det trengst. Det gjer det enklare for henne som dirigent når ho får konsentrere seg om akkurat den oppgåva.

– Vi har øvingshelgar med jamne mellomrom. Sist var vi på skulen i Hornindal. Det var veldig kjekt, og passeleg langt. Det er ein flott og samansveisa gjeng som spelar i skulekorpset no, og då er det også givande å dirigere.

Har lyst å starte oppfriskingskurs

I desse dagar reiser Brynhild og nokre av korpsmusikantane rundt til skulane og viser kva dei kan, og oppmodar fleire om å kome og vere med.

– Vi vurderer også å starte oppfriskingskurs for dei som har spelt før, og som kanskje lurer på om dei skal starte på nytt. Det er plass til alle, enten i Hornmusikken eller i Skulekorpset, og dersom nokon melder si interesse, køyrer vi i gang kurs for tidlegare korpsmusikantar til hausten.

For mykje å styre med? Nei, det synest ikkje Brynhild.

– Om ti år styrer eg sikkert med akkurat det same, men kan hende i eit litt anna tempo, og kanskje eg kan kutte ut noko, og berre halde på med det som er kjekkast. Men det blir nok umogleg å prioritere, for alt er like kjekt.

Det knakkar på døra, og ein kollega lurer på om ho ikkje er klar til å reise ut på barnehagebesøk snart. Og det er ho. Tam-tam-trommer under arma og saksofonen i sekken. Borna i ein av barnehagane skal få prøve seg på litt musikk. Og ned trappene spring ho – klar til neste oppdrag.