«Eg vakna brått av at det bles så det ulte. Huset tok til å riste. Det er rart kor mykje eg rakk å tenkje på den korte tida. Det skulle då ikkje blåse tenkte eg.

Det er Korsen som kjem! Eg tok begge hendene kring hovudet for å verje meg. I det same vart det eit kraselyd, som om ein braut av stort tre. På eit sekund vart det uhyggjeleg stilt. Senga mi hadde rausa i hop og eg låg på golvet i kolmørkret. Eg kom meg opp og prøvde å finne klede å ha på meg.

Brått høyrde eg far som ropte og banka i døra ut mot loftgangen. Eg fekk opp mi dør og hadde tenkt å famle meg ned gjennom lofttrappa. Der var berre hard snø. Alvoret tok til å gå opp for meg.

Sprang etter hjelp: Knut Riise var 20 år den gongen. Sidan han var den sprekaste var det han som måtte springe etter hjelp. Foto: Sunnmøre Arbeideravis

Sjølv om det var nokså mørkt såg eg med ein gong at Lensmannshuset var vekk. Det var heilt uverkeleg. Magen min vart berre ein stor stein. Lukta av svidd furutømmer sat i nasen, og det kjende eg i vekevis etterpå. Men det verste var ropa nedafrå snøen under huset. Det plaga meg lenge.

Vi prøvde å kome på kvar vi kunne finne noko å hjelpe oss med, men det nytta ikkje. Alt var kome under fonnbreden. Ropa frå snøen høyrde vi framleis. Vi måtte ha hjelp, og det fort om nokon skulle reddast.Eg veit ikkje kven som kom på at vi måtte springe etter hjelp. Vi trudde nokon måtte forstå at det hadde hendt noke forferdeleg. Men vi var langt frå sikker. At det var eg som måtte springe var det aldri noko tvil om. Så eg melde meg med ein gong.

Eg var 20 år og den sprekaste av oss. Men det skulle verte ein hard tur, for eg visste at Skondalen hadde mykje på lager, sjølv om den hadde gått ein del. Ski fanst heller ikkje, så det vart å vade. Eg måtte nesten symje i over 2 meter snø. Dette i tillegg til redselen for at Skondalen skulle kome, gjorde at eg masa meg heilt ut. Eg tenkte at kjem den no, då er det slutt både for meg og dei som trengde hjelp.

Drama: Johan Riise, far til Knut, framfor restane av Larsastova.

Det einaste eg tenkte på slutten var at eg måtte få på brannsirena, som stod plassert oppå muren i prestehagen. Men først prata eg med Einar Frøland som stod og måka snø. Eg spurde om ikkje han hadde høyrdt noke. Han sa at han ikkje forstod at det var noke gale.

Det fanst ikkje krefter att, men eg måtte få slått på brannsirena og varsla fleire. Men så utsliten som eg var kom eg ikkje opp og fekk tak i brytaren.

Som ved eit under starta sirena av seg sjølv. Det var nok Einar som hadde varsla dei på på telegrafstasjonen. For der også fanst brytar til sirena.»