Han er inne i sin andre sesong som ansvarleg for kafe- og kioskdrifta ved Ørsta skisenter. Og etter ein laber fjorårssesong, der snøen stundom var mangelvare, er det heilt andre tider i år.

– Vi har hatt eit draumeføre over lang tid no. Det har gjeve fleire opningsdagar og meir folk. Men her er plass til endå fleire, seier Riise.

Og har eit tips til skipublikum.

– Det har mest ikkje vore ein einaste dag utan draumeforhold på Bondalseidet denne sesongen. Nede i låglandet, om det er i Ørsta eller Volda, kan det vere regn og plussgrader, medan det her er minusgrader og nedbørsfritt, seier Riise.

Testar ymse konsept

Han har ein driftsavtale med Ørsta skisenter om å drive både varmestova ved nedre heisstasjon og kafeen oppe på Eitrefjell. Planen var at han skulle bruke den fyrste sesongen til å teste ut ymse konsept.

– Men i og med at sesongen vart slik han vart, måtte eg vente til denne sesongen med å kome skikkeleg i gang, fortel Riise.

Han held varmestova ved nedre heisstasjon ope alle dagar og kveldar skisenteret har ope.

– Det er mest sjølvsagt, i og med at eg også har ansvaret for billettsalet, fortel Rise.

I helgane er kafeen på Eitrefjell open. Då synest Riise det er ekstra gøy å drive.

– Noko som har slått an, er pizzaen. Den får vi gode tilbakemeldingar på. Kanskje er det fordi pizzadeigen hevar seg ekstra godt på sju hundre meters høgde, seier Riise med eit smil.

Ikkje noko er prefabrikkert. Alt vert laga og stelt til av Riise og medhjelparane hans oppe på kafeen.

– Eg ynskjer også å prøve ut eit tilbod om dagens måltid. Det vil i så fall verte prøvd under vinterferien og i påska, seier Riise.

Den største utfordringa med å drive kafe og kiosk på Ørsta skisenter er vêret.

– Vêret avgjer alt. Er vêrmeldingane dårlege, veit eg at det ikkje kjem så mykje folk. Er vêrmeldingane gode, må vi gjere klar mykje mat. Det er utfordrande, men samstundes gøy, seier Riise.

Han leiger inn folk på timebasis, og sjølv har han mange timar på Bondalseidet.

Rikt tilbod

– Nei, dette er ikkje noko ein vert rik av. Det må nok mykje karakteriserast som dugnadsarbeid. Men slik er det ved Ørsta skisenter. Her er titals folk som står på med hundrevis av timar. Mange legg ned eit årsverk for at folk skal ha eit godt tilbod, seier Riise.

Han opplever at Ørsta skisenter gjev eit langt rikare tilbod enn mange trur.

– I dag er tre parkeringsplassar mest fulle. Likevel ser du ikkje køar. Det er fordi anlegget her er veldig stort, og no er alle løyper opne. Folk er spreidde i fleire bakkar og skiløyper. Då kan det sjå ut som om her er færre folk enn her faktisk er, seier Riise.

Om to veker er det vinterferie. Då vert det ope på dagtid og fleire kveldar. Han skal ha ope kafeen på Eitrefjell alle opningsdagane, og håper på godt besøk.

Og sjølv om det stundom kan vere travelt, spesielt på godversdagane, greier Riise av og til å lure seg av. I ein stille time søndag, tok han med seg snøbrettet til Verahaldet.

– Det var ein fin tur. Vi er heldige som har dette anlegget, seier Riise.