Desse bollane er ei krysning mellom lussekattar og pistasjsnurrar og har ein spennande og god smak. Deigen smakar godt av den særprega safranen og pistasjfyllet gir ein søt og salt smak av nøttesmør.

Gjærbakst smakar ekstra godt no på kalde og mørke kveldar og ikkje minst til advents- og julekosen. Desse bollane gir garantert julestemning på grunn av safranen som minner om lussekattane. Har du lyst å prøve ein ny vri til St. Lucia-dagen i år så er desse bollane garantert verdt å prøve!

Ingrediensar til ca. 20 stk. :

• 5 dl heilmjølk

• 0,5 g safran

• 50 g ferskgjær

• 175 g sukker

• 1, 1 kg kveitemjøl

• 10 g salt

• 1 egg

• 150 g smør, romtemperert og i terningar

Pistasjsmør:

• 100 g pistasjnøtter, usalta

• 120 g melis

• ½ ts. mandelessens

• 1 ts. vaniljesukker

• 1 eggekvite

• 125 g smør, romtemperert

• 1 egg, til pensling

• perlesukker

• pistasjnøtter, finhakka

For å lage deigen varmar du opp mjølka i ein kjele og har i safranen. Lat det stå å trekke litt, i ca. 10 minutt. Ha mjølka over i ein bolle og rør ut gjæren. Tilsett sukker, mesteparten av kveitemjølet, salt og egg og elt deigen i maskin i 10 minutts tid. Tilset smøret i deigen og elt vidare i 10 minutt ekstra, til du har ein glatt og smidig deig. Tilsett meir kveitemjøl etter behov. Dekk bakebollen med plastfolie og lat heve til dobbel storleik, ca. 1–1 ½ time.

Medan deigen hevar kan du lage pistasjsmørfyllet. Ha nøttene i ein stavmiksar med knivblad og køyr til fint mjøl. Ha i melis og køyr blandinga nokre sekund til. Tilsett mandelessens, vaniljesukker og eggekvite og køyr blandinga til den er jamn. Ha smøret i ein bakebolle og rør det mjukt og luftig. Ha pistasjblandinga over i smøret og bland det saman til det er luftig og mjukt.

Når deigen er ferdigheva strør du kveitemjøl på kjøkenbenken og kjevlar ut deigen til eit rektangel på ca. 40 x 50 cm. Smør pistasjsmør utover deigen i eit jamt lag. Brett ein tredjedel av deigen inn mot midten og så den siste delen av deigen oppå der igjen, slik at du har tre lag med deig. Kjevle rektangelet ut til ei leiv på ca. 30 x 60 cm. Skjær deigen i ca. 20 stk. lange strimlar og snurr dei saman på same måte som når du lagar kanelsnurrar på Schakenda-vis. Lat etterheve i ca. 45–60 minutt, til dobbel storleik.

Forvarm steikeomnen til 200 ºC. Pensle snurrane med egg og strø perlesukker og finhakka pistasjnøtter på toppen. Set midt i steikeomnen og steik safransnurrane i ca. 12 minutt, til dei er gylne. Avkjøl på rist og nyt dei nysteikte!