Kva er ein perfekt sommar for deg?

Ein perfekt sommar for meg inneheld ein stor porsjon levande musikk, god tid saman med familie og venner, gjerne ein fjelltur eller tre og helst ein god dose fint ver.

Kvar går/gjekk ferieturen i år?

Vi har funne ut at det er lurt å fylle på med litt D-vitamin før vi reiser til Ørsta/Volda. I år vart det ein tur til ein landleg, liten stad på Mallorca som heiter Cala Mesquida. Der var det ei stor og god strand og fine stiar rundt om i terrenget. Deretter vert det nokre veker i Ørsta/Volda for å besøke familie, gå litt på fjellet og ikkje minst arrangere Sommarljom.

Kva er ditt beste sommarminne?

I barndomen reiste vi ofte til seters på garden der min bestefar vaks opp i ytre Nordfjord. Der skein sola kvar dag og vi bada og fiska saman med søskenbarn, onklar og tanter. Vi kunne få 20–30 kreder på ein rotur med oter og på kvelden pakka vi inn fisken med mjøl, salt og pepar og la den rett i bålet. Ein dag drap onkel ein hoggorm og la den i ei maurtue. Slikt gjer inntrykk på ein liten gut. Frå ungdomstida har eg mange gode minner frå turar til Moldejazz. Musikken stod i sentrum, men det bli også ein del piker, vin og song.

Kva vil du vise folk som vitjar Ørsta/Volda?

Eg vil vise dei både natur og kultur, sjølv set eg stor pris på begge deler. Aller kjekkast er det om dei kjem når vi har Sommarljom. I år skal vi ha ein flott konsert i eit naust på Rystelandet med utsikt over fjorden mot Ørstafjella. Det vert magisk. Om vêret blir bra prøver vi oss også på ein konsert på takterrassen på Hotell Ivar Aasen. Men det er også fleire andre kjekke festivalar i området med både fantastiske omgjevnader og spennande program. Ein kaffi på Føniks, ein softis med surt jordbærstrø på campingen og ein tur innom Kunsthuset og Ivar Aasen-tunet høyrer også med.

Kvar badar du i sommar?

Det blir nok berre Spania og badekaret i år. Blir det riktig varmt i Ørsta kan det hende eg dristar med uti på Vekslet eller i Hovdevatnet.

Kva gjer du om det regnar i ferien din?

Da blir det gjerne å lese ei god bok eller kanskje spele litt bass. Ingen ting gjer så godt for humøret som å spele litt bass. Det burde alle prøve! Elles blir det fort litt kortspel med familien. Blir eg sprø av å sitte inne går eg kanskje ein tur i regnvêret.

Kva er den beste sommar-maten?

Gresk salat og eit glas rosé, eventuelt chips med mår og ei flaske pærebrus.

Kva for ein sommarmelodi hugsar du best?

Eg er ikkje spesielt fan av DeLillos, men «Neste Sommer» har liksom klistra seg fast og er kanskje den sommarlåta eg hugsar best. Jazz, gjerne med innslag av calypso høyrer også sommaren til for min del. Plata «What´s New» av Sonny Rollins er ein klassikar i so måte.