– Det var knallhard sjølvdisiplin. Vi var, og er, over snittet musikkinteresserte, og Chet Baker kom til Volda for å spele. Det er klart vi ville på konsert, men vi hadde lagt opp eit løp med øvingar kvar måndag og torsdag frå klokka 18 til 22. Det skulle vi halde. Vi hadde ein plan om å verte veldig gode. Men vi fekk med oss den siste halvtimen av konserten altså.

André Folkestad og Svein Hunnes er tilbake på gamle tomter, ved Volda gamle gymnas, eller Maurtua som huset også vert kalla. Dei mimrar. Det var her det starta for 35 år sidan. To gongar i veka møttest BokkeReidars Blues Band i kjellaren for øving. Det var Hunnes og Folkestad som saman med Knut A. Eilefsen drog i gang bluesbandet, etter modell frå dei store heltane, The Blues Brothers. Gjennom åra har medlemer kome og gått.

– Vi har vel hatt kanskje 30 innom i løpet av alle desse åra.

I dag har BokkeReidars åtte medlemer. I tillegg til Hunnes og Folkestad, er Steinar Høydal, Terje H. Hanssen, Ivar Kvangarsnes, Klaus Blø, Gunnar Solheim og Trond Johnsen med. Ei besetning som har vore meir eller mindre permanent dei siste 13 åra.

– Og no inviterer vi til storhending. Vi har hatt ein hårete draum om å få spele på ærverdige Chat Noir i Oslo. No får vi oppleve det, laurdag 26. august. Det vert stort. Eg hadde aldri trudd at eg skulle få stå på scena der og spele blues, seier Svein Hunnes, med noko som ikkje kan vere anna enn stjerner i blikket.

Dei stiller ikkje aleine på scena. Skal dei feire, skal dei gjere det skikkeleg. Dei har mellom anna fått med seg rapparane Side Brok frå Hovdebygda.

– Det er eit spesielt samarbeid som fungerer utruleg godt. Det er to ulike musikksjangrar som møtest. Det vert bra!

Jazzvokalisten Beate Lech frå Volda kjem også.

– Ho har eit svært tett program, men tek seg tid til å vere med oss. Det set vi stor pris på.

Palle Wangberg frå gruppa Real Thing skal også vere med.

– Han er eit fantom på orgel!

Vidar Busk kjem med gitaren sin.

– Har er profesjonell til fingerspissane og har gjort stor internasjonal suksess.

Og for å ramme inn det heile stiller Fredrik Steen som konferansier.

– Vi kan ikkje anna enn å glede oss. Dette er eit musikalsk fyrverkeri av ein meny.

For å toppe det heile, vert konserten gratis. Sparebank 1 Søre Sunnmøre stiller som sponsorar. Dei var ikkje særleg tungbedde då dei fekk spørsmålet.

– Dette var det svært lett å seie ja til. Dei er trufaste kundar i banken, og denne konserten vil vi dele med dei andre kundane våre. Vi har mange kundar som bur i Oslo-området, og så håper vi sjølvsagt at fleire tek turen også frå Sunnmøre, seier regionbanksjefane Fredrik Chr. Langlo og Lillian Kleven Breivik, som kan opplyse om at det vil vere 583 tilgjengelege billettar.

Fire album har det vorte på bluesbandet til no, tre cd-ar og ein LP. LP-en kom først, frå ei liveinnspeling frå ein konsert på Porse i 1989. Sitt første honorar fekk dei etter ein handelsskulefest i 1982 – med betaling i form av snitslar, som ifølge ryktet heller ikkje smakte særleg godt. Sidan har dei spelt på dei fleste festivalar som er å oppdrive i Noreg. Små og store scener har hatt besøk av BokkeReidars. Men Chat Noir har dei aldri prøvd før.

– Og berre for å ha sagt det. Dette er ikkje ein avskjedskonsert. Vi har tenkt å halde på lenge enno. Vi har halde nokre avskjedskonsertar gjennom åra. To av dei allereie før vi var ti år gamle. På den første avskjedskonserten var det fullt hus. På den neste så var det litt tynnare i rekkene. Dei hadde vel slutta å tru på oss kanskje. Men vi klarer ikkje å la vere å spele saman. 14 dagar seinare står vi der saman igjen. Vi er vel eitt av dei banda i Noreg som har halde det gåande lengst. Det skal vi halde fram med.

Faste øvingar to gongar i veka er det slutt på. Medlemene bur spreidd rundt om i landet. Men dei har vorte flinke til å halde øvingshelger.

– Då er vi på hytta på Kvamsfjellet til ein av medlemene i bandet. Då er det blues med utsikt til Rondane. Tekstane har gått frå engelsk til norsk.

Å spele på Chat Noir vert eit høgdepunkt i den 35 år gamle historia.

– Det vert ein fantastisk kveld. Og sjå for deg dette: På veggen heng det bilde av Wenche Foss og Leif Juster og mange fleire storheiter. Og no: BokkeReidars Bules Band. Målet er å gi sunnmøringane som bur i Oslo tårer i auga, så dei oppdagar kva det er dei har flytta vekk frå.

Låst dør: Døra til øvingslokalet i kjellaren på Maurtua i Volda er låst, så det vart ingen besøk i dei gamle øvingslokala for Svein Hunnes og André Folkestad, men dei skal ha for forsøket. Foto: Janne-Marit Myklebust
Stolt sponsor: Svein Hunnes, Steinar Høydal og André Folkestad saman med representantar frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre, som sponsar konserten på Chat Noir. Regionbanksjefane Lillian Kleven Breivik og Fredrik Chr. Langlo. Foto: Janne-Marit Myklebust
Unge og lovande: Frå plateslepp på studentkroa i Volda, 24. oktober 1996. F.v. André Folkestad, Kjell Rune Klubbenes, Ivar Kvangarsnes, Svein Hunnes, Bård Melhus, Jann-Ove Ertresvåg, Knut A. Eilefsen og Frank Utgård. Foto: Arkiv/Møre-Nytt Foto: mørenytt