I desse dagar er det ekstra hektisk aktivitet i lokala til Asko Mat. Søstrene Bente Rebbestad Sande (62) og Olaug Rebbestad (55), som eig og driv selskapet saman, spring føtene av seg saman med den tredje kokken, Hilde Sætre. Men dei likar det. Dei likar å lage mat og å gjere folk nøgde.

Toppsesong

Mai er ved sidan av desember toppmånaden for damene som leverer heimelaga mat frå botnen i mange slags variantar til folk både på Søre Sunnmøre og litt i Nordfjord, frå Flø i nord til Stryn i sør. Og no handlar det altså først og fremst om konfirmasjonar.

Då selskapet Asko Mat vart starta for sytten år sidan var det ikkje same trykket på cateringdelen som i dag. Første tida gjekk det mest i ferskmat over disk. Dette held dei framleis på med. Så kom catering meir og meir. Spesielt når det skal kokast til mange er det enklare for folk å ringe Asko og få hjelp til å komponere ein meny, erfarer damene.

– Folk likar at det skal vere lettvint. Dessutan har folk flest i dag mindre tid og betre råd. Vi leverer på døra i god tid før gjestene kjem og skal setje seg til bords. Då er det berre for folk å legge på fat og ønskje velkomen til bords, seier damene.

Stor endring

Dei opplever stor endring i kva folk bestiller. Menyen på Asko Mat er i hovudsak basert på norsk husmannskost. Og kjende og kjære rettar kjem tett. Men inne i det urnorske finn ein også spanjolar. Og det er slutt på den tida då svinesteik, kaldtbord, spekemat og laks og eggrøre dominerte konfirmasjonsborda. No har tapasen teke over for fullt, ofte kombinert med kaldtbord.

Det er ei historie bak tapasen:

– For seks år sidan var eg på besøk hjå eldstedottera mi i Oslo og ho inviterte meg på tapasrestauranten Delicatessen. Det var eit herremåltid aldeles. Dagen etter gjekk vi forbi ei delikatesseforretning med mange spanske spesialitetar. Den kvelden laga eg tapas til den store gullmedalje – for første gong. Då eg kom heim til Ørsta komponerte vi vår første tapasbuffet på Asko Mat og starta å teste maten på kundane, fortel Bente.

Bestseljar

Det er liten tvil om at det nye fall i smak hjå kundane. For no er det svært mykje tapas som hamnar på dei lokale selskapsborda der scampi er bestseljaren.

– Viss folk har spesielle ønske om mat, tek vi utfordringa, seier damene.

Dei vart ein gong utfordra av ein gjeng karar som skulle ha møte i vinklubben sin, og fokus for kvelden var australsk vin. Dei ringde Asko og ville gjerne bestille mat som stod i stil. Etter ein liten diskusjon på kjøkkenet om kva som eigentleg var typisk australsk mat, slo damene til og laga ei gryte som nok ikkje har vore sett i Ørsta verken før eller seinare – kengurugryte!

Måltidet var vellykka:

– Ein kan vel seie at det vart god stemning i vinklubben, smiler Bente.

Kvalitet

Sørvis og kvalitet, med gode lokale råvarer, er sentralt i konseptet til Bente og Olaug. Dei handlar kjøt frå Ringdal på Hellesylt og Mellemor og einerøykt laks frå Toregarden på Vartdal.

Damene strekkjer seg langt, og dei har ei haldning om at dei alltid skal svare ja, sjølv om dei må jobbe atten timars dagar og langt ut på natta, slik som kan skje i desse hektiske tider når bestillingslista er lang, og det skal leverast til opptil 25 konfirmasjonar på ei helg. For det er aldri snakk om å fire på kvaliteten.

– God mat av høg kvalitet er det viktigaste av alt. Det er trass alt ei ære å få lov å lage mat til folk når dei skal feire ei av livets store anledningar, og det ansvaret tek vi ikkje lett på. Kundane er hyggjelege og tilbakemeldingane positive, noko vi er audmjuke for, fortel Olaug og Bente.

Dei driv godt, og har mange faste kundar. Damene trur at noko av hemmelegheita for å lukkast lokalt er å gjere ting skikkeleg.

– Det er viktig å levere god mat kvar gong, vere ein del av lokalsamfunnet og å bruke stolte lokale produsentar av råvarer. Viss ein gjer alt dette med eit smil, kjem folk tilbake, erfarer dei driftige kvinnene.

Trappe ned

Etter mange og hektiske år kan søstrene no tenkje seg å trappe litt ned, for å prioritere dagane litt annleis og få meir tid til familie og venner. Difor ønskjer eigarane å selje Asko Mat.

– Det har vore hektiske og interessante år. Det var ikkje gjort over natta å lære å drive ei bedrift. Vi er på ingen måte leie av dette, vi går framleis på jobb kvar dag med stor glede og iver. Men åra går fort, og det optimale no var at vi kunne jobbe her under ein ny eigar, sjølvsagt dersom vedkomande ønskjer det. Sjølv om bedrifta går godt, og vi er ein ganske stor aktør i nærområdet, så er her framleis stort potensial. Difor: Er det nokon der ute som likar å lage mat, likar å stå på – og gjere forretning av det, så er dei hjarteleg velkomne ein prat, oppmodar Bente og Olaug.