Louise Murberg Digernes held ein vilter kylling i hendene, men må gi slepp og la han gå fritt rundt på golvet inne i Liadal barnehage i Ørsta. Der har kyllingen selskap med sju andre. Det siste egget vart klekt i helga. Av 17 egg frå ein gard i Barstadvik, vart det åtte kyllingar. Sju påskegule og ein brunsvart av typen dverg kochin. No er det kamp blant dei 26 barna om å få stelle og kose med kyllingane.

– Det vert nok ikkje noko problem å få temme desse, kommenterer barne- og ungdomsarbeidar Anette Sandbakk, og legg til at kyllingane har fått sitt eige låste rom i barnehagen, for å sikre dei nok ro og fred til å vekse seg store og sterke.

Ungane har fått vere med på heile prosessen. Frå å hente egga hos «mammahøna» og «pappahanen» i Barstadvik, til dei no er klekte. Dei har følgt nøye med på rugeprosessen i ei varmekasse, har utført ultralyd med ei lykt for å sjå om der er liv i egga, og Louise fekk også vere «jordmor» då den eine kyllingen vart klekt.

– Dei hakkar seg ut sjølve, og har eit ekstra nebb på nebbet som hjelper dei ut av skalet, kan ho fortelje.

Det er mykje læring i prosessen.

–Det handlar om å ta omsyn til dyra og å vise sjølvkontroll ved å vere varsame med dei, til å gi dei ansvar for å mate dei. Dei handlar også om å forstå noko om korleis ting heng saman -– frå egg til kylling, seier Sandbakk.

– Dei har vore med kvar dag og sjekka rugemaskina for å vere sikre på at der har vore rett temperatur og fukt. Det er svært viktig for at kyllingane skal kunne utvikle seg. Den 21. dagen byrja det å skje ting. Vi høyrde at det peip inne i egga, og etter kvart byrja kyllingane å hakke seg ut. Etter mange timars strev fekk vi sjå verdas flottaste kylling. Då kyllingen hadde tørka var ungane svært fascinert over at han hadde fått plass inne i det vesle egget.

– Eg likar veldig godt kyllingar. Men eg likar ikkje å ete egg altså, skyt Louise inn.

Hønsehus

Det gjer derimot kyllingane. Det beste dei får servert er kokt egg. No ventar ungane spent på å sjå utviklinga framover. Kven som vert høner og kven som vert hanar. Utviklinga går fort, og endringane er merkbare frå dag til dag. Dei eldste kyllingane er fem dagar gamle, og dei er allereie merkbart større enn dei som er nokre dagar ferskare. Dei eldste har også byrja å få fjør utanpå dunet.

I Liadal barnehage gjer dei ingenting halvvegs. Kyllingane har fått fast barnehageplass, og skal etter kvart flytte ut i hønsehuset dei har på uteområdet til barnehagen. Her satsar dei tilsette på at barnehagen skal verte sjølvforsynte med egg.

– Når vi først har fått kyllingane, ønskjer vi å ha dei også, så barna får sjå heile utviklinga. Vi er ein barnehage med fokus på natur, og vi ønskjer at barna skal ha stor forståing for planter og dyr, seier barne- og ungdomsarbeidar Caroline Tømmerbakk Rekkedal.

Samspel

– Denne har bæsja på meg tre gonger! kan ein engasjert Eivind Aag Liadal fortelje, medan han held ein handfull kylling mellom to små hender.

Men det gjer ingenting. Dei er van med dyr i barnehagen. Dei har hatt både høner og kaninar tidlegare.

– Ifølgje barnehagelova skal vi støtte barn si nysgjerrigheit, kreativitet og gi utfordringar som er i barnet sine interesser, kunnskapar og ferdigheiter. Dette ser vi att i dette prosjektet. Vi er opptekne av medverknad, og det har dei i aller høgste grad fått gjort i denne prosessen, seier Sandbakk.

Også foreldregruppa er involvert, og har teke på seg ansvaret for å fôre kyllingane i helgane og i feriane.

– Det var tommel opp frå alle saman. Dette er eit fellesprosjekt alle er svært positive til, og det gjer det heile mykje kjekkare og enklare.

Gjennom song, bøker, forming og samtalar, har barna lært mykje. Dei tilsette har også laga plakatar som viser utviklinga frå dag til dag inne i egget.

– Det er eit mål at barna skal få ei gryande forståing av kor viktig ei berekraftig utvikling er. Gjennom dette prosjektet ønskjer vi at barna skal få ei forståing for samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen. Dessutan er kyllingane heilt nydelege. Det er ein flott bonus.