Og ho stortrivst i rolla.

– Eg har alltid hatt ein draum om å verte ei eldre, engasjert pensjonatvertinne. No kan eg ta i bruk alle ressursane mine gjennom å drive Alpehytta og Geithornhytta på Standaleidet, noko eg har stor tru på. Ja, no har eg verkeleg vakna til liv att!

Vartdalingen Brit Aanning Aarseth held på å rydde altanen på Geithornhytta då vi kjem på besøk. Den ferske hyttevertinna og alt-mogleg-dama bur seg til storinnrykk på tampen av vinterferien, då ein flokk på seksten små og store skal ta inn på dei to hyttene som familien Aarseth har kjøpt av Standal Alpesenter. Alpehytta kjøpte familien i fjor gjennom selskapet DS Furenak AS. Og nyleg kjøpte dei også nabohytta som også har vore drive til utleige. Begge hyttene har høg standard og er velutstyrte med alt den moderne familien krev. Og kjøkkenet i Alpehytta, som er godt eigna som konferanse- og selskapslokale, har utstyr til tretti personar. Og atten personar vil finne sengeplassar i begge hyttene.

Brit Aanning Aarseth ønskjer, med god støtte og hjelp frå familien, å satse på hyttedrift, og ser eit stort potensial i ei tid der bruken av hytter aukar i popularitet. Då Møre-Nytt er innom denne onsdagskvelden, dukkar også den eine dottera til Brit opp, Vibeke Aanning Aarseth som er nytilsett direktør på møbelverksemda Formfin i Hundeidvik. Ho skal også vere involvert i prosjektet som også dei to andre heimflytta søstrene er interessert i. Og kvinnene har mange tankar og planar for drifta, og ønskjer at reiselivet i kommunen, og spesielt Hjørundfjorden, vert utvikla. Difor er dei også engasjert i arbeidet med masterplan for reiselivet i kommunen.

Mange moglegheiter

– Moglegheitene er mange med utgangspunkt i Standaleidet. Reiseliv får større og større betydning kombinert med natur- og kulturopplevingar. Vi har stor tru på turisme som satsingsområde der den frie, urøyvde naturen i dalar og fjellparti i Sunnmørsalpane er den største attraksjonen. Å spele på lag med natur vil verte ei oppleving i seg sjølv sommar som vintrar, reflekterer kvinnene.

Dei har planar om å ha båten Hindholmen liggande på Standal for turistar, og å få turistane på hurtigruta til å ta turen for overnatting på Standaleidet. Det osar av lokal historie og attraksjonar i området som også skal presenterast.

Kvinnene ønskjer å nå både private og næringslivet, både for overnatting og konferansar, noko alt er tilrettelagt for. Dei ser føre seg å arrangere m.a. matkurs, vinsmaking, målarkurs, litteraturkveldar, konsept rundt helse, konsertar, korseminar, øvingshelgar og samkome som åremålsdagar, konfirmasjonar, pensjonisttreff, slektsstemne, bedriftsseminar. Ja, berre fantasien set grenser.

Fram i tid vil dei også starte restaurantdrift, noko som vert den høgstliggande restauranten i Ørsta, og det skal søkjast skjenkeløyve, noko Alpehytta har hatt. Sykkel og skiutleige skal også vurderast.

Samarbeid

Aarseth-damene ønskjer å ha samarbeid med andre reiselivsbedrifter i området, der tanken er at ein i fellesskap kan styrkje kvarandre.

– Det er viktig å byggje nettverk mellom gründerane. På den måten kan det oppstå ein vinn-vinn-situasjon. Det handlar om å byggje kvarandre gode, i staden for at kvar enkelt skal vere på sine nes åleine.

Brit har stor tru på prosjektet.

– Eg er eit engasjert menneske med interesse for reiseliv, kultur og natur. Eg likar å vere vertinne heime og ute. Eg vaks opp i ein heim i Volda full av skuleelevar der vi serverte middag til hybelbuarane. Der hadde vi også skulekafe i kjellaren. No skal eg i gang att som vertinne, og såleis er no ringen slutta, smiler Brit Aanning Aarseth, turistverten på Standaleidet.