Direkteoverføring av lyd- og bilete frå Vartdal kyrkje til Vartdal helsetun er ein ide som soknerådet på Vartdal har hatt ei stund. Då det var offisiell opning under gudstenesta julaftan i fjor hadde soknerådet og dei frivillige jobba med prosjektet i over eitt år. No kan bebuarane på Vartdal helsetun enten skru på sin eigen tv på rommet eller samle seg i fellesstovene for å følgje direktesendinga frå kyrkja. Då Møre-Nytt vitja Vartdal helsetun søndag hadde mange samla seg i fellesstova der dei m.a. fekk sjå at Mathilde vart døypt, det vart delt ut bøker til 5.-klassingane frå kyrkjelyden på Vartdal og dei både sjå og høyre preika til sokneprest Arne Moltubak.

– Dette er eit pluss og eg pleier å sjå kva som skjer i kyrkja når det er overføringar, seier Bjørg Vartdal som saman med Ingunn Vartdal følgde gudstenesta søndag.

– Det er både godt og kjekt for oss, legg Ingunn til.

Bjørg og Ingunn fortel at dei har vore vande med å gå i kyrkja, og at viktige dagar i deira liv har blitt markert i Vartdal kyrkje.

– Dette er ei kjekke stund for oss, seier dei med eit smil.

Tidlegare har det vore overføring av lyd frå kyrkja til Vartdal helsetun. No har lyden blitt oppgradert i tillegg til at krystallklare bilete vert sendt frå kyrkja. På Vartdal helsetun er dei svært takksame for arbeidet som har blitt lagt ned.

– Eg veit at det har vore påtenkt i mange år korleis få til overføringa som no har vorte, og det er mange å takke. Desse har brukt mange dugnadstimar for å få til det vi har i dag. Eg kan her nemne Hans Jakob Aarskog, Frank Olav Overå, Liv-Randi Volle og Johan Bertel Vartdal. Utstyret har kosta pengar og det har vorte gitt midlar frå m.a. konsertar, Sparebank 1 Søre Sunnmøre og fleire lokale foreiningar. På vegner av alle som bur på helsetunet og dei tilsette er vi veldig takksame og glade for dette. Eg vil nytte høvet til å takke alle som på sin måte har lagt ned arbeid for at dette har late seg gjennomføre, seier einingsleiar Kirsti Hånes Vartdal.

Slik systemet er lagt opp er det enkelt å starte sendinga frå kyrkja og på helsetunet er det berre å skifte over til «kyrkjekanalen». I tillegg til gudstenester kan bebuarar som ikkje kjem seg til kyrkja følgje t.d. gravferder gjennom direktesendingane.

Soknerådet er glade for at dei er mål med prosjektet og takkar Hans Jakob Aarskog, Johan Bertel Vartdal, Levi-André Leite, Venche Vartdal Leite, Børre Lødemel, Frank Olav Overå, Karen Longva Buset, Tone Sørensen, Liv-Randi Volle, lokale foreiningar og Sparebank 1 Søre Sunnmøre for bidraga inn i prosjektet.

Ifølgje Hånes Vartdal er folk på Vartdalsstranda generelt rause og lette å be om tenester.

– Etter vi flytta middagen kvar dag til halv fire er det viktig å lage aktivitetar før kveldsmaten, og dette har vi vore så heldige å få hjelp til enkelte dagar.

Annakvar veke arrangerer damer frå strikkekafeen i Barstadvik strikkekveldar i lag med bebuarane på helsetunet, og annakvar veke er det songstund.

– Likeins har vi lesestund kvar 14. dag. Ei frivillig gruppe av dei tilsette arrangerer sosiale kveldar innimellom. Filmkveldane med noko godt attåt har vore stas, og no planlegg dei ein kveld med filmen Kongens nei. Når eg snakkar om fri vilje må eg nemne pårørandeforeininga på huset som gjer ein betydeleg innsats for trivselen til både brukarane og dei tilsette. Dei arrangerer aktivitetar, pyntar krukker og ryddar i bedd. Dei bidreg og til at det blir tur med bussen kvar veke heile sommaren.

No er det eit ønske frå Vartdal helsetun å få oppgradert TV-en sin.

– Det vi ser når mange benkar seg framfor TV-en, anten ved gravferd, gudsteneste eller for å sjå film, så vert TV-en på fellesstova for liten. Mange syns det er kjekt å sitte i lag og sjå. Så no står ein større TV på ynskjelista vår.