Nyttårsforsett som å ete litt sunnare til kvardags som å knipe litt inn på feitt, søtt eller salt er ikkje uvanleg, og for mange er det eit mål å vere meir fysisk aktive til dagleg. All bevegelse er bra for kropp og sjel og små kosthaldsgrep i kvardagen kan gjere ein stor forskjell for helse og trivsel.

Eit av kosthaldsråda frå Helsedirektoratet rår oss å ete fisk til middag to til tre gongar per veke, det viser seg at dette er ei utfordring for mange til kvardags, sjølv om vi bur «midt i fiskefatet». I Møre-Nytt vil eg gjennom året dele mine beste fiskeoppskrifter, dei som er så gode at dei kan brukast til eit godt måltid laurdagskvelden eller til søndagsmiddag.

Retten som kjem i dag er utruleg lett og rask å lage, og er ein skikkeleg laksefavoritt med smak frå Austen. Currypaste er ein av ingrediensane og er mykje brukt i Thailand, Indonesia, Malaysia og Singapore og må ikkje forvekslast med indisk curry (gryte) eller krydderet karri. Currypaste er ei krema krydderblanding som inneheld mellom anna kvitløk, sitrongras, koriander, kaffirlime, fennikel, chili og pepar. Blanda med den søte kokosmjølka og grønsaker vert dette ei smaksbombe av dei store. Alle ingrediensane får du kjøpt på ein vanleg daglegvarebutikk. Om du lagar heile porsjonen til ein eller to personar har du ein god restemiddag til måndag.

4 porsjonar

600 g laksefilet, utan skinn og bein

1 stk. sjalottlauk

1 stk. chili, raud

2 stk. vårlauk

4 stk. limeblad eller skalet raspa av ein lime

2 ss soyaolje

2 ts. currypaste, raud

4 dl kokosmjølk

1 ½ ts. soyasaus

½ dl vatn

½ terning fiskebuljong

1 ts. sukker

Framgangsmåte

Skjer laksefileten i store ter terningar (2x3 cm).

Reinsk og finhakk sjalottløk, fjern frø frå chili og skjær i strimlar.

Reinsk og skjer vårlauk i tynne skiver, skjer limeblad i tynne strimlar og kast stilken eller rasp skalet av ein lime.

Varm olje i ei steikepanne og brun lakseterningane på begge sider, i 1–2 minutt.

Legg lakseterningane til side på eit fat.

Surr sjalottlauk i steikepanna i ca. 2 minutt.

Tilsett curry paste og kokosmjølk, og rør ofte.

Ha i chili, soyasaus, vatn, buljongterning og sukker.

Tilsett lakseterningane, vårløk og limeblad eller limeskal, og la det småkoke i 2–3 minutt.

Server med ris.

Tips: Om du vil ha ein mildare variant kan du bruke mindre curry paste. Retten er gluten- og laktosefri.

Kari RyslettHøgskulelektor i matkultur og helse ved Høgskulen i Volda. Karis matblogg: HTTP://karirstudiebloggmkk101.blogspot.no/

Helgamat: Helgamat er Møre-Nytt si matspalte, og står på trykk i avisa kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Møre-Nytt og Vikebladet Vestposten.

Om spaltisten: Eg er Kari Ryslett og arbeider med Matkultur- og helse ved Høgskulen i Volda. Yrkesliv med mat, helse og opplæring frå ulike perspektiv er givande og i Møre Nytt vil eg dele mine beste sjømatoppskrifter med lesarane, eg håper dette kan vere til inspirasjon for å ete meir sjømat både til kvardags og i helga!

Kari Ryslett Foto: Marius Myklebust