av Per Urke

Det var lange tradisjonar for at bonden skulle produsere mest råd av eige gardsbruk: mjølk, mjøl, kjøt, ull og poteter. Det ein ikkje nytta sjølv, kunne seljast og var grunnlaget for å tene kroner slik at ein hadde til «salt i supå».

Eit vilkår for å få dette til å gå i hop, var at fôret, høy og silo, skulle vare til våren, då dyra skulle ut. Det vårgrøne bøgraset måtte sparast. Ein dag beiting av bøen om våren, gav ein dag mindre med vinterfôr.

Sauene trong nokre dagar for å ”venje seg til grønegraset”, men så skulle dei til fjells. ”Det e’kje råd å få i både pòse og sekk!”, sa han far, gartnar og gardbrukar på Ytre-Urke.

Unytta beitemark

Det var fleire grunnar til at Jensa-, Ramo- og Hansgarden på Ytre-Urke fann ut at sauene burde beite i Maradalen og Elsanddalen. Desse dalane var rekna som for avsides for både Trandal og Leknes og låg frå gammalt av unytta som beitemark. Beita i dei næraste Urkedalane strakk knapt nok til, og der var mykje skog.

Dei tre gardbrukarane sytte for å styre sauene fram om Breifonna og opp gjennom skogen til Røyfonndalen ved vårsleppet. Dermed vart det nye beiteområdet etablert, utan protestar frå utmarkeigarane på Trandal og Leknes. Dei vaksne sauene lærde opp lamma og etablerte ein praksis som eksisterte så langt bakover som eg kan minnast.

Borgund-sauer

Fjellbeita for sau i Hjørundfjord har freista sauehaldarar frå Borgund i lang tid. Deira beite låg i skogslende og gav dårleg avkastning. Eg minnast frå slutten av 1940-talet at det kom fiskebåtar frå Solavågen, fullasta med sauer og lam. Dei skulle blandast med saueflokkane på Ytre-Urke over natta, og deretter følgje til utmarksbeita neste dag. Eigarane budde over natta på gardane og var med å få sauene i samla tropp i retning mot Maradalen. Dag og tid vart avtala på førehand.

I kvar av dei tre Ytre-Urke-gardane, var det dyra frå to gardar i Solavågen som vart kopla saman. Det er tenkjeleg at denne ordninga har tradisjonar tilbake til den tida då fôrkyr vart utveksla.

Sankardag

Når sauene skulle sankast i september, kunngjorde jordstyresekretær Anders Hustadnes i Sunnmørsposten: ”SANKARDAG i Hjørundfjord” og nemnde datoen. Då kom solavågarane innover og gjennom sams sanking for alle, kunne det bli mange hundre sauer som skulle heim.

Vi starta grytidleg og gjekk over Røyfonndalskaret og sat der og observerte kvar dyra gjekk. Så galdt det i snike seg nedom og utom dei og få styrt dyra i retning av heimvegen. Det vart mykje springing etter kvart, men foten var nok lettare då …

Stolte

Frå Elsanddalen og Maradalen måtte ein samle flokkane ved dette skaret. For å unngå å misse dyr i den tette Røyfonnskogen, gjekk jaget austover til Nordkopen og runda over Høgestølane i Urkedalen.

Vi som fekk oppleve dette, var ikkje så lite stolte over å ha sanka 300-400 dyr i ein flokk som kom heim over dalen. Folket i bygda følgde med når ei ”endelaus, kvit perlesnor av sau” kryssa Høgestølane aust i Urkedalen. Då var det berre ein time att til vi var heimkomne. Det var moro å sjå korleis saueflokken delte seg opp, og sauene fann veg til sin eigen sauefjøs. Ut over kvelden var det litt sortering av lam som hadde hamna i feil fjøs.

Så dukka fiskebåten frå Borgund opp att, og Sula-sauene hadde fått ekstra kjøtfylde gjennom opphaldet i høgfjellet. Men det var ikkje uvanleg at ein måtte gi opp å få med sauer som gjekk vanskeleg til og ikkje let seg få med denne sankardagen. Og dermed vart det ein eller fleire dagar med ”ettersanking”.

Tidleg

Gjesteordninga med Sula-sauene slutta etter kvart. Vi som brukte beite i desse to dalane, merka at det var ein del lammetap, kanskje på grunn av snøen som låg lenge ved Røyfonndalskaret. Ein merka seg òg at stranda mellom Leknes og Trandal var svært tidleg tøya og grøn. Dette var i si tid utslåttemark for plassemannen på Leknes.

I 1950-åra drøfta dei tre gardbrukarane og handelsmann Sigvart Urke, som etter kvart hadde 10-12 vinterfôra sauer, om ein skulle få sauene av garde tidlegare frå heimebeita og føre ein last med båt frå Urkekaia og til områda utom elva frå Maradalen og ein last med ilandsetjing innom elva. Einar Frøland med kommunebåten ”Slogen” vart redninga for å få gjennomført planen. Dette vart den nye løysinga frå midt på 50-talet.

Beitte seg oppover

Sauene som vart sende på beite her ute ved stranda, ”beitte” seg i løpet av sommaren opp gjennom liene. Den eine flokken frå Ramogarden og Sigvart trekte opp i roleg tempo, fekk med lamma gjennom eit terreng som er på grensa til klatresport og enda oppe i Elsanddalen.

Flokken frå Jensa- og Hansgarden følgde sørsida av elvedalen og enda i Maradalen. Det vart sagt at i løpet av sommaren kunne sauer kome ned att til sjøen for å ete tang og så gå opp att. Brukaren på Flatneset, på motsett side av fjorden, sat med kikkert og gjorde sine observasjonar. Når det nærma seg sankardag, veit eg at far ringde dit for å få vite om han «hadde sett noko»? Dette var viktige opplysningar til sankarane.

Krevjande

Dei siste åra eg var med på sanking i dette området, var det vanleg at vi brukte båt ut til Maradalselva etter å ha brukt kikkert frå fjorden. To-tre sankarar gjekk nord og opp på skrå til vestenden av Elsanddalen. Var der sauer undervegs, jaga vi dei føre oss i roleg tempo, for dette var ei krevjande strekning for både to- og firbeinte.

Eg minnest godt då ein heller eldre sau prøvde å bykse opp eit knep i fjellet, straks før vi var oppkomne, men han datt tilbake to-tre gonger. Vi måtte la sauen og lamma vere att der og tenkte at dei måtte takast ned og heim i båt seinare. Tre dagar seinare stod sauen utanfor kjøkkentrappa heime – han hadde fått kvile seg, vann å kome seg opp knepet som stoppa han tre dagar før og gått heile vegen, utan jag, heilt heim til fjøsen. ”Dum som ein sau!”, vert det sagt.

Dalasau

Maradalen og Elsanddalen er skogfrie, der er rikeleg med vatn og grøne beite gjennom heile sommaren. Far min likte å sjå velstelte dalasauer i motsetning til den høgføtte gamlesaurasen. Han var den første som kjøpte inn dalasau til bygda. Gardbrukarane på Ytre-Urke gjekk så saman om å kjøpe ein dalavêr, og det vart ei god stamme av dalasau etter dette.

I Ramogarden vart det ala fram mange gode risbitvêrar, 1-2 år gamle vêrar - gjennom desse åra. Dei var selde som livdyr til vêrringar som satsa på dalasau. Kvar haust var det fast at dei beste dyra skulle på utstilling, og det var stas når sløyfene vart utdelte. Eg han ikkje minnast at vi hadde vêrar som fekk kvit sløyfe (1. pr), men raud (2. pr) vart det fleire av. Eit foto frå jubileumsutstillinga på Fogdegarden i Ålesund kan illustrere dalavêrar som far min, Nils Urke, var stolt av å eige.

Når vi var samla til søndagsmiddag eller hadde tørka fåreribbe på julaftan, var far nøyen med å presisere at ”det ikkje finst maken til Maradalskjøtet” og at det var god nok grunn til å ta slitet med å ha sauene på beite der ute og oppe som ingen annan ville ta orket med å bruke til beitemark.

Siste tur

Min siste sankartur i Maradalen vart lite triveleg: Vi fann dei få sauene vi skulle, men det vart våtsamt med regn. Eg hadde kledd meg for lett og var ikkje budd på nedbør. Verst vart det då svarteskodda kom som sleppt or ein sekk medan vi var på veg opp frå Maradalen til Røyfonndalskaret. Temperaturen fall mot frysepunkte,t og sikta var nær null. Vi måtte berre stå i ro til ein iskald vind tok skodda.

Eg var gjennomvåt og nedkjølt og begge kneledda var ubøyelege. Eg kom til gards lenge etter dei andre. Så bar det rett i badekaret for å ”tine” kneledda. Ein eller fleire meniskar hadde fått varige skader. Slik kan det og gå, men som sagt: Det finst ikkje maken til Maradalskjøtet!

At Sæbøneset har overteke Maradalen til beitemark for sin saueflokk, likar eg godt.