av Ivar Mork

Eg vart heimefødd i Erkegarden på Åkre til dynet frå Tussefossen, midt i snøsmeltinga, då gova frå fossen dreiv som regnelingar bortetter Vassvollane, og Tusså kleia elvebardane i frådande stryk på veg mot fjorden, eirgrøn av slam frå blåbredane i Tussedalen.

Det var både segn og soge knytte til fossen. Soga om dei to borna frå Bjørke som fall i fossen medan dei gjætte, gjorde sterkt inntrykk. Ein fot var alt ein fann att etter dei. Segna om Bue Digre sine gullkister, som skulle vere gøymde i terrenget under fossen, lokka meg ut på mang ei leitegildre. I elva lurte Nykken, som berre venta på å hogge tak i ulydige born som kom for nær elvebarden.

Denne avsides idyllen skulle verte snudd opp ned i løpet av nokre få år frå slutten av 50-talet. Ikkje berre skulle den mektige fossen verte redusert til ei sikle, men heile bygda skulle gå gjennom eit radikalt hamskifte, økonomisk og kulturelt.

Desse åra vert enno kalla anleggstida, då Tussefossen vart lagd i rør for å forsyne mykje av Søre Sunnmøre med straum. Eg opplevde anleggstida i folkeskulealder, og det er dette hamskiftet, sila gjennom eit barnesinn, eg vil fortelje om.

Verda kjem til Bjørke

Dei første varsla om at noko var i gjære, var ein mann i hatt, nikkers og vindjakke som kom køyrande i eigen bil og hyrte bygdefolk til å halde ein lang linjal beint opp i lufta. Sjølv stod han på avstand og myste gjennom ein kikert på eit stativ, medan han peika og dirigerte kvar linjalen skulle settast ned. Det var forvitneleg for oss gutungane å fylgje med på.

På ettervinteren 1958 braka det laust med hektisk aktivitet på Åkre. Hus etter hus reiste seg på Ner-Åkre. Ei trekai vart pæla ned i Åkersfjøra, og ein ny veg planert langs fjøra og opp Åkerssida av Tussa. Frå ein endestasjon like framma på Erkegarden vart det bygt ei svimlande trallebane rett opp gjennom fjellsida til toppen av Åkersegga.

Tunneldrivinga mot Tussedalsvatnet tok til både på Ner-Åkre og i dei såkalla tverrslaga midtbergs og på toppen. Det var hektisk trafikk både til lands og til vatns og i lufta: Sjøfly landa på Bjørkevika, og helikopter frakta utstyr frå Åkersvika til Tussedalen mest dagstøtt. Store lastebåtar la til ved anleggskaia og lossa tungt utstyr som bulldosarar og boreriggar.

Frå skulestova vart me jamvel vitne til eit ekte forlis på Åkersvika, då ei sandskute sprang lekk og gjekk til botnar. Det var vel einaste gongen Klokkar-Karl ikkje klarte å halde kustus i skulestova.

Styggemannen kjem etter

Ved anleggsstart kom også slusken – eller busen som somme sa. Sluskane gjekk døgnskift med tunneldriving. Dei budde i brakker både oppe på fjellet og nede i bygda og hadde eigne anleggskokker. Det vart sagt så ymse om desse innvandrarane rundt kjøkenborda i bygda. Sluskane hadde ord på seg for å ha ein hang til sterk drykk, pleie syndig omgang med kvinner og påkalle Styggemannen i tide og utide – på svensk. Det gjekk rykte om ville og sedlause brakkefestar, der også kokkene stilte opp på meir enn ein måte.

Før anleggstida var nok ordet slusk synonymt med lasaron i bygda sitt ordforråd. Det var ikkje rart at me borna var redde for desse sotete framandkarane med uskjønlege dialektar, som stod Styggemannen litt for nær, og som kanskje nettopp derfor lukta slik av svovel. Det var som ein tev av det Helvetet som Klokkar-Karl hadde slik god kunnskap om.

Det var ein grunnlaus otte for både vaksne og born. Etter kvart som karane i bygda kom i arbeid side om side med sluskane, viste det seg snøgt at dei fleste var stødige familiefedrar med stor fagkunnskap og mykje å lære bort. Rett nok likte dei å ta seg ei bløyte i ny og ne, men karane frå bygda var heller ikkje tungbedde når det høvet baud seg.

Sluskane kunne nokre karsstykke som dei blodferske bondegutane måtte lære seg om dei ville opp i elitedivisjonen som slusk. Mellom anna eit «arbeidsparande» triks med dynamitt. Dei 25 kilos trekassane med dynamitt vart frakta på skuldra fram til sprengingsfeltet. Trikset var å støyte dynamittkassa av skuldra slik at ho fall med heile vekta på eine hjørnet, gjekk i knas, og alle dynamittgubbane trilla ut.

Eit par ungdomar frå bygda sette seg seinare i respekt hjå sluskane med eit anna karsstykke: Dei kokte kaffikjelen sin over eit bål fyrt med dynamittgubbar.

Tvilsamt lesestoff

Med sluskane kom det ein flaum av nytt lesestoff, som fann vegen frå brakkene og inn i heimane. Det var lite og inkje av dette lesestoffet som kunne ha vore kolportert av Tjørvåg-Trasten, som ein gong om året sykla frå dør til dør i svart, fotsid regnkappe. På bagasjebrettet hadde han ein koffert full av oppbyggjelege romanar frå De Unges Forlag, og det var stort sett bøker frå denne kofferten som til no hadde pryda dei nokså magre bokhyllene i bygda.

I brakkene var det kiosklitteraturen, cowboy- og kriminalbøker og blad, som rådde grunnen. Det var Magasinet for Alle, tidlegare Arbeidermagasinet, som vart halde for å vere rimeleg ugudeleg og ikkje eigna for mindreårige. Det var Vi Menn, Alle Menn og anna lesnad som ein ikkje tok fram ved kjøkenbordet i lag med tantene sine. Men det mest ettertrakta bladet var Cocktail, som no kom i omløp – også i guteflokken.

Eg hugsar eit storfriminutt, medan Klokkar-Karl var heime til middag, at eit nummer av Cocktail vart vist rundt. Der var ei heilside i fargar av ei kvinne med langt, raudt hår og utan ein tråd på kroppen. Med struttande tattar stirde ho på oss utan den minste blygsel, men det var den rufsete, raude hårmanken ho hadde nedantil som fanga blikket mitt.

Eg hadde til då ikkje hatt peiling på korleis det kvinnelege underlivet var utforma og dekorert. Openberringa var så skakande at eg kan sjå biletet like klart for meg 60 år etterpå.

Ingeniørar og fruer

Med anlegget kom også ingeniørane og fruene deira. Det var ein eigen kaste, som ikkje vart innkvarterte i brakker, men i nye hus eller hus som stod ledige og vart pussa opp med bad og annan luksus. Desse ingeniørane vart gjenstand for stor age, ja, dei var ikkje langt i frå halvgudar.

Ingeniørane må i stor grad må ha vore unge menn i tjue-trettiåra, og såleis nokså ferske frå skulebenken. Så vidt eg hugsar, hadde ingen av dei born i skulealder. Likevel vart dei klassa i lag med presten og lensmannen. Fleire hadde eksotiske namn og snakka Oslo-mål. Det var Hjorth og det var Borch, men ingen ruva over anleggssjefen sjølv, siv. ing. Vik.

Desse storkarane hadde ikkje kjerringar, men fruer. Den einaste frua eg hadde høyrt om til då, var prestefrua. No var det fru Vik, fru Hjorth og fru Kvello. Ja, jamvel kjerringar frå nære bygdelag vart no omtalte som fruer: fru Kalvatn, fru Snipsøyr og fru Rotevatn. Å ha omgjenge med desse fruene, gav auka status til trauste bygdekvinner. Og kom ein så langt at ein på lettsindig vis kunne omtale desse fruene i lyd og lag med fornamn, så vart ein mest opphøgd i same klasse.

Ein ny sosial konstruksjon såg dagens lys: dameklubben. Denne nyvinninga vart nok sett på med skepsis av gudfryktige kvinner i dei mange misjonsforeiningane. Men det vart snøgt status å vere i klubb saman med fruene. Vertskapet gjekk på omgang, og rykta kunne fortelje at i klubben var det sedvane med både moterett klesdrakt, overdådig servering og litt nettare handarbeid enn sjøvottar. Men alibiet var også på plass - innsamling til gode formål i bygda. På misjonsforeiningane vart i høgda kaffikjelen tømd for grut, og ein ørlite sterkare kaffi kokt attåt nista og salmesongen. Og overskotet vart sendt ut av bygda.

Også me prepubertale gutungane vart pirra av dei urbane fruene. Ei omframt sitrande sloge vart sirkulert av gutane som hadde lege på lur attom ingeniørbustaden i Bakketunet og vorte vitne til at fru Hjorth tok seg ein dusj. Ho hadde gløymt – eller kanskje heller late vere? – å drage føre gardina, og det var fullt innsyn til Paradis frå ende til annan. Truskuldig som eg var, slo det meg aldri at denne bragda truleg var eit oppkok av ynskjetenking og hormon frå dei eldre gutane.

Jobbetid og bringeverk

Entreprenøren Selmer hyrte inn alle som kunne halde ein hammar eller ei spade, og karar i alle aldrar, frå nykonfirmerte til opp i 60-åra, strøymde til anlegget frå indre Hørundfjorden og Austefjorden. Dei unge og lettnæme fekk eventyrleg godt betalte statusjobbar som tunneldrivarar i lag med slusken. For alle andre arbeidsføre var det nøgda å gjere med å byggje og støype, rive og flytte – og ikkje minst moke snø. Alle tykte nok at dei tente gode pengar.

Men det var hardt og risikofylt utandørs arbeid, ikkje minst vinters dag i Tussedalen. Det vart kaldt kalkulert frå entreprenøren at det kom til å koste nokre liv før kraftstasjonen kom i drift. Og slik vart det også.

Karane som skulle til fjells, måtte møte grytidleg ved endestasjonen av trallebana og vart vinsja opp den bratte fjellsida på skinnevogner utan rekkverk og sikring. Der sat dei 10-20 mann, kun med hælfeste i ein 2x4 tommars plank, og meinheldt på prinsa si med termos og nisteboks. Dei kom sjeldan heimatt før etter fjøstid.

Dette var slitsame år for gardakonene, som no måtte ta meir ansvar og ei tyngre arbeidsbør i gardsdrifta. Attåt meirarbeidet kom den gnagande bringeverken for at nett deira mann, far eller son skulle verte råka av ei arbeidsulukke. Det var ofte både to og tre karar frå same huslyden i arbeid på anlegget, og arbeidsulukker var ikkje uvanlege. Dei fleste var mindre alvorlege, men fleire var fatale.

Men pengane strøymde inn i gard og grend. For dei fleste med nyvunnen rikdom, stod nok eige baderom med varmtvasstank, badekar og vassklosett øvst på ynskjelista. Hus og fjøsar vart påkosta og utvida i høgt tempo. Eigen bil vart det òg råd med for mange. For ikkje å snakke om traktor. Hestane vart til pylse mest over natta, og traktoren tok over, sjølv på dei minste bruka.

Ei legende var Hogdals-Syver sin nye Massey Ferguson. Hogdals-Syver var mellom dei som fekk engasjement med traktor og lesseapparat på anlegget. Syver skreiv traktortimar, og kunne såleis rive i noko frå øvste hylle. Den nye traktoren med gullfarga motor vekte mykje åtgaum på Bjørkekaia fyrste kvelden, og fekk straks namnet «Gullguten».

Traktordilla

For oss gutungane vart traktor no ei ny fysne. Dalekarane tok snøgt steget opp i elitedivisjonen når det galdt traktor med sterkast motor og flest girar, og det var ikkje anna enn Massey Ferguson som galdt. Til nød Fordson Dexta og Major.

På Finnes og andre brattlendte gardar bytte dei ut tohjulingane sine med det nye vedunderet i tida, transporter. Ein mellomting mellom lastebil og traktor med lågt tyngdepunkt, som klistra seg som eit frimerke til dei brattaste reinene. Transporter stod det respekt av i guteflokken.

Men i Erkegarden, i likskap med Hansgarden, Rasmusgarden og på Sætre, hadde me berre bensintraktor av merket Bolinder Munktell Terrier med 28 hestekrefter. Hadde me endå hatt ein Bolinder Munktell Buster med dieselmotor og lesseapparat!

Den største skamma for oss, var at Terrier’en var så lågt gira i revers. Det fekk me mykje spitord for. Det hjelpte lite å kompensere med at traktoren vår gjekk uhorveleg fort i fjerdegir framover. Då vart me kontra med at hydraulikken berre hadde ein spake der Massey Ferguson hadde både to og tre.

Og dalegutane tok heilt luven frå oss den dagen dei kunne sprenge denne bomba: Massey Ferguson med «Multi-Power». Eg fekk aldri full innsikt i kva dette teknologiske kvantespranget var godt for, anna enn nok ein spake ved sida av girstonga, men det var utan vidare klart at me med Terrier for alltid var akterutsigla når det galdt traktor.

Dei gode hjelparane

Den raske mekaniseringa av jordbruket med traktor og roterande reiskap var ikkje problemfri for gardbrukarar som hadde avgrensa maskinteknisk kunnskap. Det vart mange havari, særleg i vinnene. Men i Åkersfjøra stod ein komplett mekanisk anleggsverkstad med fagfolk som både kunne sveise og skrue. Her var det mange trengande havaristar som søkte hjelp frå morgon til seine kvelden.

Sivert Kalvatn, som var kraftstasjonsstyrar, stilte velviljug verkstaden til disposisjon nærast døgnet rundt, og det var ofte han sjølv som rykte ut for å hjelpe, ja, han tok jamvel sveiseapparat og verktykasse med seg heim til dei som stod i sju steinar. Ein annan hjelpar var verksmeister Kvello, som far min, godlynt, men ikkje utan grunn, kalla Kveldsrot. Betaling var det aldri snakk om å ta mot, men dei fleste trengande ytte nok ein skjerv frå grøde og avdrått til dei gode hjelparane.

Denne trafikken var lite omtykt av elverksjef Sveinung Berge, som til all lukke for skjåstaddalingane, budde på Sæbø. I ein konfrontasjon med far min, kom Berge med ei av mange utsegner som var lite eigna til å styrke omdømet hans i bygda: «Jeg ser rødt når jeg ser bønder!» Berge hadde nok lite tanke for at brorparten av arbeidet med å byggje kraftverket var utført av nettopp bøndene i indre Hjørundfjorden og Austefjorden.

Samlemani

I anleggstida var eg, saman med jamaldringane, midt i samlealderen. Det var ein gullalder for samlarar. Tidlegare hadde me samla på skjel, frimerke, fugleegg og bilnummer. Men alt dette kom i skuggen av dei nye samleskattane som openberra seg for den som hadde augo med seg.

Eit opplagt samleområde var brukt skyteleidning, som kom i mange fargar og med gule, nummererte plastmerke på. Skyteleidning kunne ein finne mengder av der det vart tippa tunnelmasse. Det galdt sjølvsagt å ha ei komplett samling med alle fargar og nummer.

Skyteleidninga utløyste ein enorm kreativitet og skaparkraft. Med skyteleidning og fantasi kunne me lage grensesprengande dekorgjenstandar og smykke. Me fletta og tvinna og vov skyteleidning til ringar og armband og mykje anna forvitneleg.

Eit anna samleområde var flaskekorker, og no var det ikkje lenger Høibergs brus som galdt. No gjekk det i pils og export og bokkøl frå ei rekke merke som me aldri hadde høyrt om før, slik som Schou og Ringnes og Grans.

Einaste kjende, lugubre drikkemerke til då var Hansa, så lager- og vøterølkorkene der ifrå rasa no snøgt i verdi. Etter kvart hadde eg ei kasse full, og det vart drive omfattande bytehandel. Like eins samla me på flaskeetikettar, som me bløytte opp til dei losna. Etikettane vart turka under press og limte inn i kladdebøker med kveitemjølsklister – eller RX-lim for oss som hadde storesystrer med fotoalbum.

Dette var også i overgangen frå voksa tobakksøskjer, som var fine å ha makk i, til tobakkspungar i plast. Du verda for ein rikdom. Anleggskarane trur eg brukte heile utvalet av merke, men Rød Mix var nok det vanlegaste, så denne kom lågast på verdistigen. Elles var det Blå Strek, Tidemanns Lys, Gullsnitt, Gul Mix, Eventyrblanding og ikkje minst Karvet Bladtobakk, den med biletet av sjøulken på, som var uhyre sjeldan. Eg fann berre eitt eksemplar av denne i heile mi samlartid.

Forsøpling var eit ukjent omgrep på den tida, så anleggskarane, som alle andre, kasta tomgodset frå seg der dei stod og gjekk. Diverre var dei fleste tobakkspungane godt knurva etter nokre dagar i kjeldressen, men me glatta dei ut så godt det let seg gjere. Var ein heldig, så var der også ein liten tobakksrest att, som kunne nytast i hytter og hellarar langt unna folk, eit omtykt alternativ til einebork rulla i gråpapir frå kraftforsekkar.

Ei tid var…

Dette var berre nokre korte glimt, sett gjennom barneauge, av åra som endra indre Hjørundfjorden for alltid, og ein kan med rette kalle det eit hamskifte. Det var ikkje berre inntektene frå anleggsarbeidet som skapte velstand og framgang, men møtet mellom bygdekulturen og anleggskulturen lyfte bygda inn i det moderne Noreg ti år tidlegare enn andre avsides fjordbygder og øyar på Sunnmøre. Ved kraftstasjonen vart det også nokre varige arbeidsplassar som var gull verd.

Men såra i naturen frå ei anleggsdrift som ikkje tok noko omsyn til natur og miljø, er knapt grodde etter 60 år. Då det var klart for å sette kraftstasjonen i drift, og siste salva vart sprengd under Tussedalsvatnet, sleppte Selmer vasspruten ut gjennom tverslaget på toppen av Åkersegga. Den overhendige tunneltippen vart spylt laus og kom sturtande ned i Bjørkemyrane i lag med alt vatnet. Heile fjellsida frå topp til botn vart blankskura i 50-100 meters breidde, og landskapet under Tussefossen vart endra for alltid.

Då dette brølande infernoet var over, vart det stilt. Den mektige Tussefossen var som klipt ut av landskapet, og som med ein dimmebrytar, vart dynet frå fossen som hadde vore med meg sidan eg kom ut av morslivet, redusert til ei veik susing. Det var ein vemodig dag som eg aldri gløymer.

Ein tapt idyll: Tussefossen før utbygginga. Artikkelforfattaren Ivar Mork, om lag fem år, saman med Larsen-tausene, Kari og Unni. Foto: Ein svensk turist.
Tussefossen etter utbygginga med Bjørkegardane i framgrunnen . Tussefossen er vorten ei sikle, og entreprenøren Selmer har spylt den store tunneltippen ned i dalen. Elveløpet og Tussemyrane er fylte av stein og knust skog. Foto: Sivert K. Kalvatn, utlånt av Mari-Anne Kalvatn.
Det fyrste helikopteret som landa i Åkersfjøra. Mannskapet er ukjent. Foto: Sivert K. Kalvatn, utlånt av Mari-Anne Kalvatn.
Eit arbeidslag ved endestasjonen til trallebana på Åkersegga. Frå venstre: Sivert Langenes, Monrad Reiakvam (?), Elias O. Kalvatn, Kjell Hjellebø, Thomas Leira, Peder T. Finnes, Jetmund Sætre. Dei to ytst til høgre er ukjende. Foto: Sivert K. Kalvatn, utlånt av Mari-Anne Kalvatn.
Trillebana har spora av med tung last midt oppe i fjellsida. Heilt til venstre i trappa: Vinsjførar Grane. Bak lasten kan ein kjenne att John Mork og Ole O. Saure. Foto: Sivert K. Kalvatn, utlånt av Mari-Anne Kalvatn.
Matpause på toppen av Åkersegga. Frå venstre: Sivert Langenes, Sivert K. Kalvatn, Elias O. Kalvatn, Sivert O. Kalvatn, Svein Mork, Nils Bjørn Kalvatn. Foto: Sivert K. Kalvatn, utlånt av Mari-Anne Kalvatn.
Bilferja Eira frakta generatoren til kraftstasjonen på Bjørke. Foto: Tussa Kraft AS.
Utsyn over anleggsområdet på Flotane i Åkersvika. Det store bygget nærast sjøen er den omtalte verkstaden der bøndene fekk hjelp. Truleg få 1959, sidan maskinistbustadene er under bygging nedanfor brakka. Foto: Tussa Kraft AS.
Frå endestasjonen av trallebana sør for Erkegarden. Mannen med ryggen til er truleg Monrad Reiakvam, som var «stasjonsmeister». Foto: Tussa Kraft AS.
Dettever ikkje den omtalte dameklubben, men frå eit sykurs som vart halde på Tussabrakka på Ner-Åkre. Når karane investerte i bilar og traktorar, vart det kanskje råd med elektrisk symaskin til konene. Frå venstre: Else Marie Kalvatn, Kirsten Bjørke, ukjent kursinstruktør, Oddrun Rørstad, Anne Marie Jensen, Oddrun Mork, Oddny Saure, Oddrun (eller tvillingsystera Bodil) Finnes, Olaug Spjutøy, Alma Bjørke. Foto: Sivert K. Kalvatn, utlånt av Mari-Anne Kalvatn.
Den gjævaste gjenstanden i samlinga av tome tobakkspungar, karvet Bladtobakk. Artikkelforfattar Ivar Mork fann berre ein av desse i heile si samlartid.