Tekst og foto: Lill Haugen

Eg har sett englar. I sjøen. Dei kjem når det er som kaldast, ofte på nyåret. Små, gjennomsiktige og nakne. Symjande i iskaldt fjordvatn, med lette vengeslag – og eit raudt bankande hjarte. Havenglane.

Naturen på Sunnmøre kan ta pusten frå dei fleste. Inkludert meg sjølv. Med mektige fjell og kvasse tindar; med grøne dalar, stille fjordar og frodande hav. Men der er meir. Under vasskorpa finst ei anna verd. Ei flytande verd, der du kan sveve vektlaus gjennom sølvblanke fiskestimar over tareskogen, til lyden av din eigen pust. Ei verd der du kan møte skapningar du aldri visste om.

Havets løyndommar

Over 70 prosent av planeten vår er dekt av vatn. Havet ber dermed framleis på mange løyndommar, og er heim for mange skapningar vi sjeldan ser – og knapt veit eksisterer. Her i Noreg har vi ei av dei lengste kystlinjene i verda.

Sjølv om havet er ei rik og frodig verd som mange lever tett på, er det likevel ei verd som svært få besøkjer under overflata. Som dykkar har du ein unik tilgang til ein liten del av denne nære, men likevel så ukjende «verda». Her kan du utforske livet i tareskogen. Møte ein tapper rognkall som forsvarar egga sine, treffe ein nysgjerrig hummar - eller klø ein steinbit på ryggen. Beundre vakre manetar som svevar sakte forbi.

Du møter dovne torsk og late breiflabb ansikt til ansikt. Eller små vakre skapningar du aldri visste eksisterte. Som havenglane.

Kaldt besøk

Vinteren er tida då ein kan finne englar i sjøen. Dei sym på grunt vatn, og iblant kan ein sjå dei frå overflata. Vi skal møte dei på nært hald, under vatn. Det er ikkje noko problem å dykke heile året i Noreg. Men det må ei tørrdrakt med varme ullklede til for å halde varmen i den iskalde sjøen. Vi riggar opp pusteventilar, slangar, vest og dykkarflasker.

Symjeføter må til for at vi skal kunne bevege oss, og sjølvsagt ei dykkarmaske for å sjå klart. Eit blybelte rundt livet skal gjere oss tunge nok til eit besøk på havets botn. Vasstett kamera er sjølvsagt med.

Ikkje alt er vakkert

Vi søkk sakte nedover, ned i ei anna verd, som er full av fargerike sjøplanter og dyr. Eremittkrepsane kikar urolege ut av skalet sitt. Kulda riv i kinna, som er den einaste delen av kroppen vår som vert direkte utsett for det kalde vatnet. Småtorsk, kutlingar og flyndrer sym på sandbotnen mellom gamle flasker, ølboksar, gamle sokne teiner og bildekk i det vinterklare vatnet.

For det er ikkje berre vakkert alt som ligg i havet. Altfor lenge har havet vorte brukt som søppeldynge, men søppelet vårt forsvinn ikkje sjølv om vi ikkje lenger ser det frå overflata. Det blir stadig verre. Vi ser det, og dei som bur i havet ser det. Havet har vore og er framleis ein fantastisk ressurs, som meir enn nokon gong må behandlast med respekt - og nyttast med klokskap.

Gjest frå arktiske strøk

Snart ser vi dei første havenglane. Med lette vengeslag svevar dei plutseleg saman med oss. Små, vakre og nesten gjennomsiktige, med dei indre organa som et raudt hjarte i midten.

Eigentleg heter dei kvalåte (Clione limacina) og er noko så ”kjedeleg” som eit dyreplankton. Ein naken vengesnigle. Dei likar seg best i polare strok med kaldt vatn, men kan finnast langs heile norskekysten.

Enkelte vintrar fører straum og vind englane langt inn i fjordane, på grunt vatn. Vi dykkarar trassar gjerne kulde og is for å få symje med dei arktiske gjestene, som sjølv med sine skarve to-fire centimeter er viktig mat for både sjøfugl og fisk.

Englejakt

Ein skal ikkje la seg lure av storleiken eller det sakrale namnet. For i tillegg til englevenger på ryggen har dei også djevelhorn på hovudet. Dei kjem opp frå djupet for å jakte. Dei små «englane» er nemleg glupske rovdyr som nådelaust fortærer andre småkryp, mindre enn dei sjølve. Med seks klissete tentaklar, vrengd ut av svelget og utstyrt med krokar, grip dei tak i byttet og tygg det i seg - som klipt frå ei scene i filmen Alien.

Jakta er over. Med iskalde fingrar, smil om munnen og fulle minnekort i kamera vender vi tilbake til vår eiga verd. Men vi kjem snart tilbake.

Vil du lære å dykke? Ta kontakt med dykkerklubben i Ørsta – MØREDYKK www.moredykk.org

Om forfattaren

Lill Haugen frå Ørsta er undervassfotograf, kommunikasjonsrådgivar, frilansjournalist og dykkarinstruktør med base i Oslo. Med fargar, lys og ulike teknikkar hentar ho den undersjøiske verda opp til overflata og rettar samstundes gjerne merksemda mot dei store miljøutfordringane i havet. Lill er fast bidragsytar til Bladet Dykking og leverer bilete og tekstar til publikasjonar i inn- og utland. Dei beste motiva finn ho stort sett langs Mørekysten. Lill er ein av fotografane bak praktboka om den sunnmørske naturen, «Art of Sunnmøre» (2014)

Lill er tre gonger noregsmeister i undervassfoto (2010, 2011, 2013), har ei rekkje medaljeplasseringar i Nordisk meisterskap og sølvmedalje frå VM i Tyrkia 2011, og har i tillegg vunne ei rekkje internasjonale konkurransar.

Bileta er tekne med eit digitalt spegelreflekskamera (Nikon D300) i eit vasstett aluminiumshus, med to kraftige blitsar, lykt og ulike objektiv og portar.