Fredag og laurdag stod Tysserevyen igjen på scena, tjuefem år etter første gong revyen presenterte seg. Det var mest same gjengen som førre gong, og smålåtne nok, valde revygjengen «aldring» som ein raud tråd i revyen.

Likevel, revygjengen strutta av ungdommeleg pågangsmot, og såg seg ikkje berre tilbake, men teikna bilete av ein livskraftig fjord med framtidstru. Tysserevyen har vakna til liv igjen.

Det er altså 25 år sidan revygruppa Tysserevyen vart danna. Den første storrevyen, «Mykje styr og lite gollj», hadde premiere i 1992.

– Det vart ein suksess, og vi måtte sette opp fleire førestillingar og reiste og rundt til fleire stader i området med han. Det var ein fantastisk gjeng som melde seg på og var med å danne amatørrevyen. Revyglede og ståpå-vilje til tusen. Vi hadde det svært kjekt saman. Men etter kvart dabba det av, det kunne vel verte litt mykje etter kvart. Det er mykje arbeid med revy, og det kan verte slitsamt om ein skal halde på jamt i fleire år. Så dei seinare åra har det ikkje vore noko aktivitet i gruppa, seier revygjengen sjølve på Tysserevyen si facebookside.

Men det var mange som har sakna revylivet, og gjengen vart samde om å prøve seg igjen. Dermed var det gjort. Årets revy fekk namnet «Fin gamal fjording». Og han vart framført på Viddal grendehus fredag og laurdag.

På førehand var det sagt at det skulle vere ein kort revy, og Tysserevyen ville ikkje leggje lista for høgt. Men med eit program på godt over timen, fleire nyskrivne sketsjar og songar, vart det så visst inga reprise, men ein heilt ny revy folk tok godt i mot.

Revyen tok endringane i samfunnet i Hjørundfjorden siste åra på kornet. Her var det skrå blikk på emne som kulturfestivalar som Indiefjord og Trandalblues, på «adventure»-satsingar på overnatting, småbåthamn og kulturlåve på Leira. Og sjølvsagt vindruedyrking på Viddal – eller «bobler på Viddal» som revygjengen ser det.

Det var allmenngyldige innslag om feittsuging og slankedille.

Men det kanskje det flottaste og sterkaste innslaget var «Leve ved fjorden», ei vise som hyllar Hjørundfjorden og folket. «Herifrå vil eg aldri fare», konkluderte revygjengen.

Det er altså den same gjengen som spelte Tysserevy som for nokre ti år tilbake. Magnus Skjerdal fortel at det nok var slitsamt å gå på ein ny revy.

– Men dette var artig. Vi var nervøse, men kjende det spennande å stå på scena igjen, seier Skjerdal.

Med i revygjengen er Magnus Skjerdal, Siri Viddal, Kari Anne Bjørke, Olaug Winter, Jon Egil Finnes, Johnny Bjøringsøy, Torill Leira Bjøringsøy (alle på scena), John Inge Leira Bjøringsøy (kapellmeister) og Jostein Skjåstad, scenearbeidar.

No står det att å sjå om det berre vart desse to innslaga fredag og laurdag, eller om det vert meir.

– Det veit vi faktisk ikkje. Viss folk ynskjer at vi skal ha fleire framsyningar, er det noko vi må sjå på, seier Skjerdal.

Eit viktig moment med årets revy var at han var på ungdomshuset på Viddal. Ungdomshuset har vorte pussa opp siste åra, og er framleis under rehabilitering. Inntektene frå revyen går til vidare oppussing.

Det var om lag 150 personar til stades på dei to framsyningane i helga.

Comeback: Tysserevyen gjorde come-back i helga. F.v.: Siri Viddal, Jon Egil Finnes, Johnny Bjøringsøy, Torill Leira Bjøringsøy, Olaug Winter og Magnus Skjerdal.
Fullt hus: Det var fulle hus på Viddal grendehus.
Passerer revy: Jon Egil Finnes og Johnny Bjøringsøy registrerer at nyhenda pssererer revy.
Feittsuging: Olaug Winter, Torill Leira Bjøringsøy og Siri Viddal har sitt syn på feittsuging.
Ungdommeleg: Magnus Skjerdal.
«Bobler på Viddal»: Sjølvsagt vart vindruene på Viddal eit tema i revyen. F.v.: Johnny Bjøringsøy, Jon Egil Finnes, Torill Leira Bjøringsøy og Olaug Winter.