Møre-Nytt var så heldige å få vere med Kjetil Leknes i Saksa Turstiforeining på ein prøvetur av råsa sist fredag. Det var skodde, og det høljregna. Likevel vart det ein utruleg flott tur i tindelandskapet i Norangsfjorden.

Urkeegga må ikkje forvekslast med den planlagde Hjørundfjordegga. Den ruta skal gå frå Saksa til Elsandtindande, mellom Urke og Trandal. Urkeegga er ein om lag ti kilometer lang tur mot Norangsfjorden: over Jentaskaret, Maudekollen og Klokksegga.

Det er ein rundtur, og folk kan velje om dei fyrst går opp frå Urke til Klokksegga, og går austover og ned att Langseterdalen, eller om dei vil fyrst vil gå opp Langseterdalen mot Slogen, for så å ta av opp mot Jentaskaret og gå vestover over tinderyggen mot Urke. Maudekollen er det høgste punktet på om lag 1.050 meter over havet.

– Dette er opp til kvar einskild. Tek folk turen austover, vil det vere bratt opp mot Klokksegga. Startar folk med å gå inn Langseterdalen vil turen verte opplevd slakare, seier Leknes.

Vona for Saksa Turstiforeining er at Urkeegga skal verte eit alternativ og ei avlasting for Saksa-turen. For det er ikkje tvil om at 8.000 menneske på Saksa har sett sine spor – eller vaska ut alle spor om du vil.

– Dei siste rapportane går på at det er vel moldete på toppen. Då håper vi med Urkeegga å avlaste og skape ein ny attraksjon, seier Leknes.

Møre-Nytt vart altså med, og kan stadfeste at turen er spektakulær. Det var fantastisk å gå over den smale ryggen, men aldri slik at det var ubehag. Terrenget er greitt og fint, og det er berre få plassar ein kjenner at det er luftig under.

– Eg fekk auga opp for denne turen for tre år sidan då eg gjekk han for fyrste gong samanhengande på sommarstid. Romsdalsegga var då lansert og hadde aukande tilstrøyming. Eg tenkte at her har vi ein fantastisk rundtur, med utsikt i verdsklasse, og som kan vere tilgjengeleg for så å seie alle som går i fjellet – både barnefamiliar, turlag og generelle fjellvandrarar. Utan behov for anna tilrettelegging enn rydding og merking, fortel Leknes.

Då eldsjela og no avlidne Bente Aambakk i fjor vinter tok initiativ til Saksaråsa, lanserte Leknes ideen om denne turen til henne. Ho var helt samd i at dette er ein kjempetur – og ein tur og eit prosjekt Saksa Turstiforeining skulle ta tak i når Saksaråsa var ein realitet.

– Eg er sikker på at mange i Urke- bygda har tenkt same tanken om denne turen tidlegare. Mange har nok hatt tankar om ein “hemmeleg” godbit – men prosjektgruppa Saksaråsa med Bente i spissen sparka det i gang skikkeleg. Med tanke på at bygda og samfunnet vårt treng meir besøk over litt lenger tid enn berre ein dagstur, er det viktig å utvide tilboda vi har. Vi håper butikk, camping, kaihus og hotella vil nyte godt av dette, seier Leknes.

Urkeegga er merka som ei raud rute etter merkehandboka og DNT sine standardar. Det vil seie at det er ei krevjande rute for erfarne fjellvandrarar.

– Men når det er sagt så er dei aller fleste toppane, eggane og tindane på Sunnmøre anten raude eller svarte. Dei fleste er faktisk svarte. Urkeegga er ein av dei lettast tilgjengelege turane med toppar over 1.000 moh. vi har i Hjørundfjorden. Kanskje også den lettaste. Når store delar av turen byr på fantastisk utsikt mot meir kjende toppar som Slogen, Jakta, Smørskredtind, Råna og Saksa i synsfeltet, er det lett å like turen. Og det er minimalt med klyving på turen – og ingenting av det er utsett, seier Leknes.