– Eg sluttar heilt. Eg har ikkje meldt meg på noko vikarliste eller slikt. Eg er veldig klar på at læraryrket no er over, seier Sjur.

Han har 40 år bak seg som lærar, og dei aller fleste av desse åra har han vore på skulane på Vartdalsstranda.

– Det vart læraryrket eg satsa på, etter folkeskulen og gymnaset vart det lærarutdanning i Volda, seier vartdalingen Sjur, men som også er å rekne som ein erke-bergensar. Han gløymer aldri staden han kjem frå.

Det einaste avbrekket han har hatt som lærar er to år i Sparebanken Vest. Han tok kveldsutdanning ved BI, og utdanna seg til bedriftsøkonom. Men vegen tilbake til skulen var kort.

– Eg starta lærarkarrieren på Leikong. I 1978 var eg på plass på Nordre Vartdal skule, der eg vart administrerande lærar i 1980. Det heitte ikkje rektor til å byrje med. Etter kvart fekk eg ei kjensle av at produksjonen av born på Nordre Vartdal ikkje var god nok, og det kome signal om at skulen ville verte lagt ned. Det vart han også, og eg søkte meg over til Barstadvik skule der eg byrja som rektor i 2000.

– Der var eg i fem år, og same kjensle om nedlegging kom der. I 2005 søkte eg meg over til Vartdal skule, der eg har vore inspektør fram til no, fortel Sjur.

Han har ikkje angra ein dag på at han valde læraryrket, og insisterer på at det yrket han starta i, er mykje eit heilt anna no enn då.

– Som elles i yrkeslivet vert skulen påverka av samfunnsendringane. Fyrst og fremst har det vore ei rivande teknologisk utvikling. Då eg byrja på Nordre Vartdal skule, var ein skrivemaskin det einaste tekniske hjelpemiddelet eg hadde. Eg hugsar godt då eg vart presentert den fyrste datamaskinen. Då tenkte eg at dette ville eg ikkje vere med på, men det var ingen veg utanom, seier Sjur med eit smil.

Han meiner læraryrket har vorte krevjande. I eit stadig meir akselererande tempo må lærarane fornye kunnskapen og kompetansen sin for å vere på høgde med utviklinga.

– Det gjeld særleg den digitale kompetansen. Men vi har også område som tilpassa opplæring og lærarvurderingar. Det hare vorte ein tøff jobb, men samstundes er det mykje positivt, seier Jur.

Då tenkjer han mellom anna på kollegiet, og ei stadig sterkare evne til å arbeide i fellesskap.

– Vi har mellom anna fått til ein god delingskultur. Vi har vorte flinke til å gjere kvarandre gode, seier Sjur.

Likevel ser han også negative trekk. Kjønnsbalansen i skulen uroarr han.

– No då eg slutta, var vi sytten kvinner og tre menn i kollegiet på Vartdal skule. Eg skulle ynskje at fleire menn valde læraryrket. Eg veit ikkje heilt årsakene til at det har vorte slik, men det kan ha med lønnsnivå og karrieremulegheiter å gjere. Det kan hende dårlegare tider i olje- og offshorebransjen gjer at fleire menn søkjer seg til skuleverket. Det ville ha vore positivt.

Då ha var med på avslutningsfesten på Vartdal skule i vår, la han merke til at fleire av dei som var der som foreldre, dei hadde han hatt som elevar for nokre tiår sidan.

– Det er jo ei spesiell kjensle. Eg har lært svært mange å kjenne. I og med at eg mykje har arbeidd i fådelt skule, kan det vere vanskeleg å plassere alle i rett klassesteg. Eg har utruleg mange gode minne, seier Sjur.

Han gler seg også over at Vartdal har fått nytt skulebygg som skal takast i bruk frå hausten av.

– Det gjev bygda nye mulegheiter, og no håper eg berre at vi får barnetalet opp, seier Sjur.

Han meiner spesielt tida på Nordre Vartdal var fantastisk. – Det var at stabilt kollegium som arbeidde både i arbeidstida og utanom skuletida med jule- og bygdefestar. Vi var som ein stor familie.

Som pensjonist lovar han at han framleis skal vere aktiv.

– Eg skal halde meg i god form, og gå turar i skog og fjell. Eg har kjøpt båt, med tanke på å fiske, og eg har leilegheiter i Bergen eg skal passe på.

Aprpoos Bergen: Han er litt kry av at han har oppdrege begge borna slik at dei no bur i Bergen, og har fem barnebarn som snakkar Bergens-dialekt. Og dei er sjølvsagt Brann-tilhengjarar.

– Berre spør Brann-trenar Lars Arne Nilsen, seier Sjur med eit lurt smil.

<strong>:</strong>