Og snakk om engasjement: Vartdal-elevane har siste tre vekene samla inn heile 550 kilo batteri. Det imponerande resultatet plasserer Vartdal skule på femteplass i landet av 480 påmelde skular. Og dei toppar altså i Møre og Romsdal.

– Elevane har vist stort engasjement og innsats for miljøet, fortel lærar Bente Geitvik nøgd.Nesten 10.000 fjerdeklassingar i landet har samla inn over 61 tonn hushaldningsbatteri siste vekene.

Det er Miljøagentane som står bak Batterijakta-konkurransen som gir alle fjerdeklassingar sjansen til å lære seg meir om gjenvinning, krinsløpstenkning og korleis ein kan verte betre til å ta vare på jorda sine ressursar.

– Med Batterijakta kan de gjere ein enkel og viktig innsats for miljøet medan de har det gøy saman. Ved å følgje batteriet si reise frå innsamling til gjenvinning, får de eit betre bilde av krinsløpstenkning. Vi håper at konkurransen bidrar til auka engasjementet for miljøet – eit engasjement som varer livet ut. Å sjå på batteri og anna avfall som ressursar, er noko vi lærer oss i ung alder. Det har vi nytte av hele livet, seier Miljøagentane.

Kasta

Kvart år vert det brukt 1.750 tonn med batteri i Noreg. Av desse vert 1.300 tonn kasta rett i søpla eller – endå verre – i naturen.

Vanlege hushaldningsbatteri er som regel sinkbatteri, og er sett saman av ei stålkapsling rundt ein masse av sink-manganoksid. Metallet sink vert henta ut frå gruver.

– Det betyr at det ein dag vil vere tomt for sink i gruvene, difor er det viktig at vi tek vare på dei ressursane vi har, seier elev Ulrik Viddal, ein oppegåande kar.

Viddal og medelevane har verkeleg etablert batteri-engasjement på Vartdalsstranda. Og dei har mobilisert foreldre og andre til å fylle bøtter og spann med batteri. Elevane har også gått rundt på dørene og samla inn batteri.

– Eg er veldig stolt over innsats og resultat. Elevane har verkeleg vist stort engasjement. Å gå heilt til topps i fylket er kjempebra, rosar rektor Laila Aarset.Fredag spanderte skulen pizza på dei flinke elevane etter ein imponerande batteri-innsats.