Forsøk på humor frå dei tilsette ved vegtrafikksentralen i Hovdebygda, då dei opna dørene for ein gratis kontroll av russebilar onsdag. Men for jentene på bilen Ferrytale var det likevel ingen problem. Bilen var i så god stand at godkjenningslappen vart utdelt likevel, mangel på russekort til trass.

– Bilen har vi kjøpt i Bergen, kan Eirin Løvik, Elisabeth Ulvestad og Andrea Vik Lauvstad fortelje. Saman med tre andre veninner har dei jobba med å style Ferrytale sidan i fjor sommar.

– Då vi kjøpte bil var vi ute etter ein bil som var i god motorisk stand, slik at vi kunne ha fokus på å lage han til innvendig. Det har vore svært lærerikt. Vi kan meir om bil no enn vi gjorde før for å seie det slik.

Tre bilar med manglar

Totalt var det 11 bilar som var inne på kontroll i Ørsta onsdag. Av dei 11 var det åtte som fekk godkjenning som russebil.

– Vi hadde ein bil som mangla bremse bak, og to andre med småmanglar som leidningar og sikringar, ting som kan vere brannfarleg, fortel kontorsjef køyretøy i Statens vegvesen, Sverre Bigset.

– Totalt sett er vi godt nøgde, og det at vi fann desse manglane viser kor viktig det er at vi held slike kontrollar. Målet deira er nemleg å gjere russetida tryggast mogleg for russane.

– Det er ikkje bilen det skal stå på i alle fall, når det gjeld å kome seg velberga gjennom russetida, seier han.Det meste vert sjekka, frå understell til tak og inni både motor og opphaldsrom i bilen.

Alle bilane er EU-godkjende frå før, men den ekstra sjekken gir russane eit godkjent-merke på bilen som gjer jobben lettare for politiet. Ser dei at bilen er godkjent som russebil, treng dei ikkje å stoppe han for kontroll.

Påskjønning

Natt til søndag brakar russetida laus. Jentene på Ferrytale legg ikkje skjul på at dei har store forventningar. Russebilen er ein stor del av det.

– Det er tradisjon for å ha russebil. Vi må nesten ha det skal vi kome oss til dei mange arrangementa. Men russebil kostar også pengar.

– Det er dyrt ja, og vi har brukt mykje pengar på å lage han fin inni. Men vi har vore flinke til å ha dugnader og har teke på oss småjobbar for å tene inn litt, i tillegg til at vi har sponsorar. Dessutan reknar vi med å få selt bilen att, slik at vi ikkje skal gå med tap.

Og namnet Ferrytale er heller ikkje tilfeldig valt.

– Vi kjem frå Dalsfjorden alle som er på bilen, så vi er avhengig av ferje for å kome oss til skule. Det er litt intern humor.

No står 1. mai for tur, og deretter står arrangementa i kø for russen i tida framover. Mellom anna er det russetreff i Ørsta 13. mai, der russ frå heile Søre Sunnmøre samlar seg.

– Og skulearbeid?

– Skule, kva er det? seier Eirin Løvik lattermildt.

– Nei da. Det er mykje gøy som skal skje i tida framover, og vi har gledd oss og førebudd oss i lang tid, men vi skal også fikse skulearbeidet og ta dei ulike tentamenane vi har no i russetida. Russetida er ei påskjønning til oss sjølve etter alle åra med skule.