Eit usikkert nyttår i møte. Skal vi tørre å bruke pengar på julegåver og kose oss litt ekstra i jula? Kan vi risikere å stå utan lønn allereie i januar?

I ordføraren sitt svar på grunngjevande spørsmål i kommunestyret i Volda, torsdag 30. november, sa ho at endring i forskottering på pleiepengar er varsla frå 01.01.24.

Spørsmålet vårt er, meinar ordføraren at ei varsling via Møre 14.11.23 er godt nok? Burde ikkje dei det gjeld få informasjon om det? Kva om vi ikkje var vakne løveforeldre og hadde oppdaga dette? Hadde det gått forbi i stillheit?

Vi undrar oss over dette og at nokre av dei det gjeld fekk varsel same dag som kommunestyret var, 1 mnd før det skal gjelde. Er dette det Volda kommune vel å kalle eit varsel?

Ordførar i Volda kommune, Sølvi Dimmen viser til at forskottering av pleiepengar ikkje er foranka i avtaleverket på lik linje som ved foreldrepengar og sjukepengar. Det føles likevel ikkje greit at kommuna skal ta i frå familiar med pleietrengande barn den økonomisk tryggleiken dei har hatt. Vi tenkjer det er kommuna sitt ansvar og legge tilrette for sine arbeidstakarar, og støtte dei i den tunge tida dei står i. Volda kommune har som hovudverdiar at dei skal vere rause, kompetente, lærande og modige. Vi stiller spørsmål om kor den rause kommuna er i dette tilfellet.

Ein kan kjenne på ei følelse av at ein vert diskriminert som gruppe. Kvifor skal kommuna behandle mottakarar av trygdeordingar i Volda kommune med ulik respekt berre fordi det ikkje er nedfelt i hovudtariffavtalen?

I tillegg er Volda kommune ei IA- bedrift. Dei overordna måla i denne avtalen om inkluderande arbeidsliv er å betre arbeidsmiljøet, styrke jobbnærværet, førebyggje og redusere sjukefråvær og hindre utstøyting og fråfall i arbeidslivet.

Denne type personalbehandling av ei sårbar gruppe vil føre til eit auka sjukefråvær og utstøyting og fråfall frå arbeidslivet. Familiar som allereie har nok, vil møte veggen. Dei som no står på og gjer ein stor dugnadsjobb vert sjukmeldt og kommuna må i verste fall ta over ansvaret/arbeidet som desse foreldra utfører. I enkelte tilfeller kan dette føre til at kommuna må ta over jobbar som tilseier 5-6 årsverk og i tillegg stille med institusjonsplasser.

Foreldra har vore i kontakt med løvemammaene som jobbar mot å få dette inn i hovedtariffavtalen og dei kan bekrefte at det finnast ingen lovverk som seier at det ikkje er lov å forskuttere pleiepengar. Dette har kommuna lov til å gjere som ei gode i tillegg til å forholde seg hovedtariffavtalen.

Difor ynskjer vi svar frå Sølvi Dimmen kvar ho finn denne informasjonen. KS har bekrefta pr telefon at det ikkje er kome nye retningslinjer, og at dei har hatt samme retningslinjene dei siste 20 åra. Det står ingen plass at kommuna må forskottere pleiepengar, men det står heller ikkje at kommuna ikkje har løyve til dette.

Såleis kan Volda kommune som den rause og modige kommuna velge å støtte sine tilsette, forskottere pleiepengar og sikre at ei viktig arbeidskraft kan ha moglegheit til å stå i jobb.

Det er også det beste for barnet!

Det er fleire spørsmål som etter grunngjevingspørsmålet vert ståande ubesvart. Ein ynskjer t.d. å få vite kor mykje pengar det er kommuna hevdar dei sparer på dette. Det at peronalsjefen i kommunen i Møre- Nytt hevdar at Volda kommune aldri har teke økonomi som grunngjeving er løgn. I eit brev sitert av peronalsjefen på postlista til kommuna viser ho til at “Alt i alt taper Volda kommune økonomisk på forskottering av pleiepengar”.

Til Møre Nytt seier ho at ho ikkje veit kvar påstanden kjem frå. Difor ynskjer vi å vite kor mykje det i kroner og ører utgjer, og har ein då tatt med dei økomoniske følgjene som kommuna kan vert ståande med, altså eit større ansvar for denne gruppa pleietrengande barn. Samt at fleire foreldre i denne gruppa vil møte veggen og bli sjukmeldt? Ved pleiepengar vert det refundert frå første dag, ved ei sjukmelding må kommuna dekkje arbeidsgivarperioda.

Eit anna arrgument som kjem tydleg fram er antall feilutbetalingar som Volda kommune har hatt, også her ynskjer vi eit eksakt tal på kor mange og kor mykje feilutbetalinga utgjer økonomisk for kommuna. Vi har kjennskap til at kommuna ved fleire høve har drive feilutbetaling i andre samanhengar og der ein saman har kome fram til korleis ein økonomisk skal orde dette. Vi tenkjer at dersom ein er gode medmennskje, er rause og har forståing for at det kan gjerast feil vil ein saman kunne finne ordningar på tilbakebetaling som fungerer for begge partar.

Personalsjefen hevdar ho ikkje har heimel til å hente ut informasjon. NAV skriv følgande: «Hvis du trenger en bekreftelse på at den ansatte har søkt pleiepenger, kan du be om det fra den ansatte. Når arbeidstakere søker om pleiepenger for sykt barn, får han eller hun bekreftelse på innsendt søknad som kan fremvises til arbeidsgiver. Denne bekrefter at søknaden er mottatt og hvilken periode det er søkt for. Den ansatte finner den ved å logge inn på nav.no.

Du kan ikke kreve å se legeerklæringen som den ansatte sender inn til NAV. Dette er fordi legeerklæringen inneholder sensitive opplysninger om barnet. Når søknaden er ferdig behandlet får den ansatte et vedtak fra NAV. Du kan ikke kreve å få se vedtaket fordi det kan inneholde sensitive personopplysninger. Hvis du har behov for opplysninger om saken, for eksempel hvor mye pleiepenger som er innvilget, må du ha dialog med arbeidstakeren din.» Slik vi forstår dette har arbeidsgiver løyve til å be om bekreftelse på at den ansatte har søkt pleiepenger. Her kjem det også tydeleg fram kva periode dette gjeld.

Fleire parti kjem med ynskje om at saka vert politisk løfta. Lars Alv Haugen kjem med eit utspel der han seier at politikarane kan føle seg makteslause dersom dette vert vedteke i PSU utan at det har vore ei politisk sak. Skal ikkje Volda kommune vere ei demokratisk kommune der politikarane og innbyggjarane (ikkje minst dei det gjeld) få tale si sak?

Vi stiller spørsmål ved at same dag som ordførar svarte på det grunngjevne spørsmålet, blir det utsendt eit formelt varsel til foreldra om at praksisen med forskottering vert endra frå 01.01.2024. Dette før drøftinga mellom tillitsvalde og arbeidsgjevar har funne stad 07.12 og dermed også før PSU har fått saka tilbake frå denne drøftingsprosessen.

Kvar har demokratiet i denne prosessen teke vegen? I kommunestyremøtet gjekk Henning Holsvik (KRF) på talarstolen, han stilte undrande spørsmål til om Volda Kommune verkeleg kan gjere desse endringane. Han ser ei sårbar gruppe som han meiner det er viktig å støtte: «Vi kan ikkje kaste foreldra og ikkje minst dei sårbare borna under bussen, det her får store konsekvensar for familiane det gjeld!» sa han.

Holsvik meinte at ein kunne ikkje som kommune vedta det her og tru at det her er god personalpolitikk og gøyme oss bak formalitetar at det ikkje er eindel av hovudtariffavtalen. Det burde vere ei sjølvfølge å dekke forskottering av pleiepengar, sa han!

Vi som foreldregruppe har vert svært heldige å blitt invitert inn på gruppemøte til dei aller fleste av dei politiske partia i Volda. Vi har fått utelukkande positiv tilbakemelding på besøka vi har vore på. Målet er å få snakka med alle partia før saka skal avgjerast.

Tilbakemeldingane går i at besøket har vert informativt, og har bidratt med å gi dei eit innblikk i korleis det påvirker heile familien å ha eit pleietrengande barn.

Vi takkar veldig for støtta frå dei ulike partia, samt kolleger og dei tillitsvalde på våre arbeidsplassar! Det gjer at det vekkast eit håp i oss, og gjer det verdt å kjempe vidare. VI veit kor viktig det er at dette er på plass den dagen ein sjølv vert ramma. Det kan skje med kven som helst!

Så kjære politikarar i Volda kommune, lytt til oss, sjå dei sårbare borna, og rop høgt for oss!

Dette både KAN og MÅ de snu, før 01.01.24.

Løveforeldre