Vi er veldig glade for at Volda kommune har tatt til fornuft og har valt å utsette endringa av forskotering av pleiepengar. No må Ørsta kommune på banen. Vi er fleire foreldre som arbeider i Ørsta kommune som mottar pleiepengar. Om Ørsta kommune ikkje avventar slik som Volda kommune, kan dette ha store konsekvensar for dei foreldra som arbeider i Ørsta kommune.

Vi opplevde alle foreldre sitt største mareritt i juni i år, då det blei oppdaga at minstejenta vår har leukemi (blodkreft). På ein dag blei heile verda vår snudd på hovudet. Plutseleg måtte vi forhalde oss til sjukehus, legar, sjukepleiarar, fysioteraputar, ernæringsfysiolog osv. Vi var heldige og fekk snakke med ein sosionom og ho informerte om at eg no måtte søke om pleiepengar. Dette var noko eg knapt hadde høyrt om tidligare. Eg blei veldig letta då eg fann ut at min arbeidsgjevar, Ørsta kommune, forskoterte pleiepengane og at vi då slapp å gå utan lønn den første perioda før pleiepengane vart vedtatt. Dette ville ha vore ei ekstra stor byrde i ein kaotisk og uoversikteleg situasjon. Men eg var som sagt heldig å hadde ein arbeidsgjevar som hadde valt å forskotere.

Men det gjekk berre nokre mnd så fekk eg eit brev om at Ørsta kommune no ville avslutte praksisen med forskotering av pleiepengar då dei seier at det er i strid med avtaleverket. KS har sjølv sagt at dei ikkje har endra sine retningslinjer på 20 år. Så då stiller eg spørsmål ved korleis kommuna har blitt gjort oppmerksam på at det er avtalestridig? Det står ingen plass at kommuna må forskotere, men det står heller ingen plass at ein ikkje kan gjere dette. Eg veit at det er fleire andre kommunar som vel å forskotere pleiepengar til sine arbeidstakarar, no også Volda kommune.

Måten dette vil påverke oss som familie, som allereie står i ein forferdeleg situasjon, er at eg no vil få opptjening av feriepengar berre for dei første 90 dagane. Dette vil igjen føre til at når alle andre gledar seg til sommarferie vil vi gå ein sommarferie i møte der eg vil få mindre enn ei vanleg løn utbetalt. Noko som igjen gjer at vi ikkje kan gje barna våre det avbrekket som dei så absolutt fortener. Vi vil også alltid vere usikker på om NAV vil behandle søknad om pleiepengar i tide, noko som kan gjere at eg står utan løn i fleire månader. Ein må levere ny søknad kvar 3.-6. mnd, så dei fleste som mottar pleiepengar må søke om dette fleire gongar i året. Eg vil heller ikkje tene opp pensjonspoeng medan eg får pleiepengar.

Eg er uendeleg glad for at vi har denne ordninga i Noreg at vi får "løn" for å ta vare på våre alvorleg sjuke born. Eg er berre veldig lei meg for at vi no får denne ekstra byrda, som eg trudde vi ikkje trengde å bekymre oss for. Eg har vanskar med å sjå korleis Ørsta kommune kan stå inne for den endringa dei no vil gjennomføre.

For 6 mnd sidan hadde vi ei frisk jente og eg trivdes veldig godt i jobben min og gleda meg til kvar arbeidsdag. No er livet snudd på hovudet. Ingen ville valt å få pleiepengar om ein hadde eit val, for det betyr at du har eit så sjukt born at det treng pleie heile tida.

Eg håper virkelig at Ørsta kommune ventar med å innføre den nye praksisen til dei nye tariffavtalene er ferdigforhandla. Veldig dumt å bruke tid og ressursar på eit nytt system, om ein klarer å få forskotering av pleiepengar inn i tariffavtala, som no er under forhandling. Håper på hjelp, forståing og støtte frå dei politiske partia i Ørsta kommune for å få denne avgjerda utsett.

Det å ha eit alvorleg sjukt born er så grusomt, fortvilande, altoppslukande og uforståeleg.

Det er trist at økonomien no også skal bli ei byrde i det heile.

“Løvemamma”