Volda KrF og Ørsta KrF ynskjer tettare og betre samarbeid og koordinering mellom kommunane våre i neste valperiode. Volda og Ørsta må utvikle vidare det gode samarbeidet om felles løysingar og tenestetilbod fram til ei eventuell kommunesamanslåing.

Vi har pr. i dag felles tenestetilbod innan landbruk, reinhaldsverk, PPT, barnevern, NAV, IKT m.m., men når kommunesentera ligg berre ei mil frå kvarandre er det all grunn til å vurdere ytterlegare fellesløysingar.

Målet med felles tilbod er fleire. I fellesskap kan vi få til større løft og satsingar som er vanskeleg å få til åleine. Til dømes kan eit stort kulturhus ligge i Ørsta.

Voldingane kan støtte opp under dette for å få det til å gå rundt i staden for å byggje likedan i Volda. Sameleis byggjer Volda eit større badeanlegg. Ørsta kan støtte opp under dette og treng ikkje byggje sitt nye symjeanlegg likedan.

Andre moglege samarbeidstilbod kan vere innan vassforsyning, tekniske tenester, brann, rus, psykiatri, helse, økonomi og tilbod for unge som fell utanfor. For kvar enkelt teneste må ein sjølvsagt greie ut om samarbeid vil vere ein vinst. Men likevel må det ofte tydeleg politisk vilje til for å gjennomføre slike prosessar.

Ved felles kommunale funksjonar og tilbod må eit mål vere å auke kvaliteten på tenestene. Eit anna mål er sjølvsagt å redusere kostnadene for kommunane og innbyggjarane, og dermed minke behovet for eigedomsskatt på sikt. Det er absolutt trong for å redusere dei offentlege utgiftene. Begge kommunane har svært høg lånegjeld med svimlande 3,4 milliardar. Volda har no passert 2 milliardar og Ørsta har kring 1,4 milliardar i lånegjeld.

Med eit tettare samarbeid og koordinering kan Ørsta og Volda framstå som den fjerde «bygdebyen» i fylket. Vi vil ha over 20.000 innbyggjararar og vil ha meir tyngde for å behalde Volda sjukehus med akuttkirurgisk tilbod og føde, utvikling av flyplassen og andre offentlege tenestetilbod. Volda og Ørsta vil også vere meir attraktiv for etableringar av næring og tilflytting av nye innbyggjarar. Volda og Ørsta treng kvarandre!

Hjørdis Almelid Vikenes, 1. kandidat Ørsta KrF

Jørund Knardal, 1. kandidat Volda KrF