Kjære adm.dir. Øyvind Bakke.

Eg, som gravid og snart fødande still meg høgst kritisk, undrande og forferda over forslaget om å halde fødeavdelinga ved Volda sjukehus sommarstengt sommaren 2023. Eg les i forslaget at drifta midlertidlig skal flyttast til Ålesund Sjukehus. For her har dei meir kapasitet? Er planen å auke kapasiteten og utvide fødeavdelinga

slik ein kan ta imot kanskje 40 fleire fødande denne sommaren? For ikkje å snakke om reisevegen til dei gravide i distrikta, blir det fødsel heime? Langs vegen i bil? I ambulanse? Ser ikkje for meg at alle rekk fram, spesielt ikkje dei som er fleirgongsfødande. Men dette har vel ikkje du kjent på kroppen, du har jo ikkje gått gravid eller født, ikkje veit eg om du har kone eller born som du har vore bekymra for helder.

Kva skjer med forsvarlegheita? Skal ei jordmor potensielt ha 3-4 fødande samtidig? Kven passar på dei? Eg veit som helsepersonell sjølv at ein travel sommar kan ende i fatale feil og manglar. Potensielt kan det ende med fare for liv og helse, eller at liv og helse går tapt. Hadde eg skulle født den komande sommaren, hadde eg aldri følt meg trygg. Reisevei på 1 t og 50 min. Og ikkje berre det, eg har sjølv opplevd å vere alvorlig sjuk under svangerskap, der lokalsjukehuset og fødeavdelinga i Volda har stilt opp for meg. Her fikk eg kome når eg hadde behov for det. Når eg ikkje viste kor det sto til inn i magen. Det er ikkje like lett å ta seg ein svipptur til Ålesund, frå Ørsta, for å sjekke om bornet i magen har det bra. Kanskje eg ikkje får lov å kome inn på sjekk? Fordi det har dei ikkje kapasitet til? Høgsesong for fødeavdelinga, der det også skal avviklast ferie. Dette heng ikkje på greip. Kan ikkje skjønne at fagleg forsvarlegheit skal kome i andre rekke. For kven sparer på dette?

Samtidig les eg at fødeavdelinga i Volda står klare med 17,8 faste jordmødre komande sommar. Dei er vist betre bemanna enn nokon gong, og ser ikkje ut til å trenge å leige inn vikarar i sommar? Er det ikkje betre at vi som bur her og soknar til Volda sjukehus, får kome til trygge, erfarne jordmødre som veit kva dei skal gjere? Og ikkje til ei fødeavdeling hjå Ålesund sjukehus, som er sprengt for kapasitet fordi (satt på spissen) HALVE sunnmøre kjem dit for å føde?

Denne galskapen har vore prøvd ut før, i 2007. Det viste seg at det endte i stor utryggheit for den fødande, bekymringar og uforutsigbarheit..I tilegg reiste jo 1/3 av dei fødande til Nordfjord, dette går jo ikkje lenger, då dei ikkje har fødeavdeling.

Eg prisar meg lykkelig for at eg ikkje skal føde i sommar. Men eg har stor medkjensle og bekymringar for dei som faktisk skal det om avdelinga vert sommarstengt.

Eg kunne sikkert ha skrive under for alle gravide i mitt distrikt, men eg skal ikkje snakke for resten. Håper virkelig de tek til sunn fornuft, å legg dette i gløymeboksa, for GODT!