Karen Høydal på Vekslet saman med Unnar Aarsæther og Stein Aam. Foto: svein aam

Oppsiktsvekkande at så mange ordførarkandidatar er blitt negative til utvikling av Vekslet bade- og turområde om vi skal tru på VG val 2023.

Vekslet bade- og turområde har vore eit interessant tema i den seinare tid på grunn av at ei frivillig eldsjel har engasjert seg og gjort ein stor innsats.

Samarbeid med frivillige er det blitt snakka varmt om ofte og blir prioritert av alle politiske parti.

Ordførarkandidatane i Ørsta har lagt ut sine meiningar på VG val 2023. Då vart det oppsiktsvekkande å sjå at dei fleste var heilt negative til å utvikle Vekslet bade- og turområde. Å ikkje legg til rette for å inkludere personar med ei funksjonshindring, er diskriminering.

Spørsmål 2 i VG val var litt finurleg stilt: «Ørsta kommune bør gå i gang med planlegging og bygging av Sunnmøre sjøbad på Ose, sjølv om det vil koste opp mot 25 millionar kroner»

Her kan kandidatar svare heilt ueinig, litt ueinig, verken eller, litt einig, heilt einig. To parti er positive, SP og AP. Ørsta Arbeidarparti har utvikling av Vekslet bade- og turområde med i sitt program.

Det er vel kjent for politikarane at namnet «Sunnmøre sjøbad» er eit forslag og ikkje vedtatt. Vekslet bade- og turområde er eit statleg sikra friluftsområde og kan få midlar der i frå, pluss spelemidlar og i tillegg beløp frå sponsorar når det er samarbeid med frivillige. Sparebanken 1 Søre Sunnmøre har allereie gitt kroner 100000. Det er vi svært glade for. Vi må ta utviklinga steg for steg. Det viktigaste må vere at alle som vil kan delta fysisk. Diskrimineringsnemnda har pålagt til dømes Stavenger kommune tiltak i høve universell utforming på badeplassar, sjå siste del i innlegget her.

Vi satsar friskt på reiseliv, og både turistar og innbyggarar set stor pris på fleire aktivitetar i område Vekslet og Ørsta Camping. I år har vi hatt mange fine sommardagar.

I Kommunestyret sak 49/23 den 11. mai vart det vedtatt ein tilleggssum til planarbeid utover dei 100000 kronene som frå før var avsett: «Planavdelinga får disponere ei ramme på inntil kr 45 000 slik at Nordplan A/S (landskapsarkitekt) for fullført ein god plan for Vekslet bade- og turområde. Planen er grunnlaget for ein søknad både på godkjenning, ulike tilskott og samarbeid med frivillige. Konkrete tiltak vil kunne realiserast jf planen. Forvaltningsplan for dei statleg sikra område skal fornyast, som då vert både eit sjølvstendig dokument og eit vedlegg til kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet som er i gang.

Dekning: Disposisjonsfondet. Arbeidarpartiet ved Karen Høydal sitt forslag m/tillegg vart vedtatt med 28 mot 0 stemmer» Altså samrøystes. No har Nordplan AS levert sitt spennande utkast. Det er synd at enkelte parti skaper usikkerheit i saka. Plutseleg så har visst vinden snudd for enkelte.