Folk har kanskje stussa over at sjølv i Ørsta – i nynorsken si vogge – er ein nøydd til å lese bokmålsorda «rødvin» og «hvitvin» for å finne fram til den alkoholhaldige helgekosen.

No slepp ein å stusse meir– nynorsken har nemleg fått fotfeste også i Vinmonopolet, noko som gjer at folk no kan verte rettleia fram til eldvatnet på skinande «Ivar Aasen»-mål.

No er det nemleg «raudvin», «kvitvin» og «musserande» som gjeld.

Omfattande skifte

– Målskiftet røyver ved både hovudgruppeskilt, trykksaker og kampanjar. Det einaste som står att er hylleforkantane, men det er berre grunna teknologiske avgrensingar. Dette vert det jobba med, seier dagleg leiar Anne Karin Brautaset Bae.

Ho fortel at Vinmonopol-konsernet har teke initiativ til å skifte målform på heile 40 av dei totalt 271 butikkane i landet.

– Eg tykkjer dette er flott. Ørsta høyrer saman med nynorsken, seier Bae.

– Ja, det har med identiteten vår. Vi er ørstingar, og skal vere stolte av målforma vår. Difor er det bra at også Vinmonopolet tek grep, seier ordførar Rune Hovde.

– På høg tid

Ein som i alle fall er nøgd med at nynorsken vinn stadig meir fram, er mållagsleiar Terje Kjøde.

– Det er betre å drikke seg full på «raudvin» enn på «rødvin» veit du, fleipar Kjøde.

Spøk til side – mållagsleiaren meiner det er på høg tid at nynorsken fekk sleppe til på Vinmonopolet, og roser fyrst og fremst dei lokalt tilsette i staden for konsernleiinga.

– Dei tilsette på Amfi har arbeidd aktivt med saka, og skal ha honnør for det. Når det er sagt så skulle det berre mangle at skilta ikkje har nynorsk målform ettersom Vinmonopolet er ei statsbedrift. Dei statleg eigde verksemdene er forplikta av mållova, som seier at det skal nyttast nynorsk når dette er styringsmålet i den gjevne kommunen, seier Kjøde, og tek fram att den fleipande tonen.

– Det er på tide at dei byrjar å opptre edrueleg.

Mållagsmann Terje Kjøde seier målskiftet skulle vore gjort for lenge sidan.