Det var ei tung og nøye gjennomtenkt avgjerd dei to drivarane av bowlinghallen i sentrum tok då dei måndag ettermiddag la ned drifta.

14. november i år skulle bedrifta etter planen feire tiårsjubileum. Men slik gjekk det altså ikkje. Raude tal og stadig mindre marginar førte til at det rett og slett ikkje var økonomisk grunnlag for vidare drift.

– Spesielt dei siste tre åra har det vore knalltøft, og inntektene har vore lågare enn utgiftene, seier Werner Sundalskleiv og Frode Tømmerbakk.

Prøvde alt

Dei fortel at dei stadig har teke grep og gjennomført tiltak for å prøve å redde bedrifta. I samarbeid med banken har dei snudd alle steinar, men botnlinja var framleis for høg. Det siste tiltaket var at begge to fann seg anna arbeid i tillegg til bowlinghallen for å få ned kostnadene, men sjølv det var ikkje tilstrekkeleg.

– Vi har lagt ned uendeleg med timar med gratisarbeid dei siste åra. Dessverre er husleiga for høg i forhold til inntektene, og med dei marginane vi opererer med elles, har vi no kome til eit punkt der vi ikkje greier å halde bowlinga gåande lenger, seier dei.

Dei to har så langt det har vore muleg prøvd å unngå å påføre andre leverandørar til bowlingen økonomiske tap i samband med avviklinga.

Samlingsplass

Ørsta Bowling har dei siste ti åra vore ein mykje besøkt samlingsplass i sentrum. Med aktivitetar som biljard, air-hockey, dansemaskin og kioskdrift i tillegg til bowlinga. Ørsta Bowling har vorte vitja av mange born og unge, som har brukt bowlingen som eit treffpunkt i kommunen. I tillegg dette, har Ørsta Bowling vorte eit positivt tilbod for pensjonistbowling, bedriftsbowling, bursdagsselskap og andre. At desse tilboda no forsvinn, synest Tømmerbakk og Sundalskleiv er noko av det verste med nedlegginga.

– Det er uhorveleg trist. Vi har i snitt hatt mellom 200 og 250 bursdagsselskap her kvart år sidan starten. Trivselsserien til bedrifter har vore positivt for bedriftene i Ørsta og Volda, og vi veit at pensjonistane har sett stor pris på dette tilbodet, og vi vil påstå at det har vore eit helsefremjande tiltak for denne gruppa, seier dei.

Kommunal regi

– Vi har prøvd mange løysingar spesielt dei tre siste åra. Og eitt av dei som vi hadde veldig trua på var å få kommunen til å ta over drifta, fortel dei.

Ved hjelp av tidlegare næringssjef Martin Foldal fekk dei i fjor haust utarbeidd ein plan for å drive bowlinghallen i kommunal regi ved hjelp av støtteordningar.

– Vi meiner kommunen og politikarane har eit ansvar for å tenkje næringspolitisk og leggje til rette for at innbyggjarane skal trivest. Vi meiner at bowling er eit slikt tiltak både for familiar, vennegjengar, bedrifter, og andre. Kommunen kunne søkt tippemidlar og dermed fått dekt inn 75 % av investeringa. Vi drog det også vidare ved å kople inn Nav og flyktningkontoret som kunne kome med sine tilskot til arbeidstrening og integrering. Den kabalen vi la fram for kommunen var veldig positiv, men dei takka nei, seier dei.

Ny drift?

Siste runde på bowlinga gjekk altså måndag ettermiddag før dei låste dørene og melde oppbod til skifteretten. Dei to seier det er svært vemodig å leggje ned livsverket, og dei veit at mange kundar kjem til å ta nyheita tungt. No håper dei nokon andre vil ta over drifta så Ørsta framleis vil ha eit slikt positivt tilbod i kommunen.

– Vi har hatt fleire runder i banken, og vi håper banken får tak i nokon som kan drive bowlinga vidare. Vi meiner uansett det er kjempeviktig at kommunen har dette tilbodet.

Ørsta Bowling hadde seks tilsette.