Skal Ørsta/Volda høyre til «Stor-Trøndelag» eller «Vestlandet». Det er eitt av dei store spørsmåla for vårt område dersom regionreforma blir ein realitet.

Diskusjonane om framtidas regionar går no føre seg over store delar av landet. Bakgrunnen er at kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har varsla at han vil legge fram eit forslag for Stortinget om oppgåver og funksjonar knytt til eit nytt regionalt forvaltningsnivå i Noreg.

I fjor sende ministeren ut ei oppmoding til fylkeskommunane om å «ta nabopraten» med fylka rundt seg om endringar i regionnivået. Trøndelagsfylka er allereie godt i gang med dette, og mykje tyder på at Sør-Trøndelag og Nord- Trøndelag blir eitt fylke.

Møre og Romsdal fylkeskommune har vore svært avvisande til regionreforma. Då fylkesutvalet handsama spørsmålet om nye regionar før jul, konkluderte dei med at Møre og Romsdal er stort nok, og at det er uaktuelt å gå inn i ein større region.

På nyåret sa fylkesordførar Jon Aasen (Ap) til NRK at dersom Møre og Romsdal blir nøydde til å gjere eit val, så vil han sjå nordover mot Trøndelag. Det skapte store protestar frå lokalpolitikarar på Sunnmøre. Anders Riise, leiar i Sunnmøre regionråd, var klar på at han meiner Sunnmøre har større tilknyting mot resten av Vestlandet enn mot Trøndelag.

Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (H) er av dei som har gått lengst i retorikken. 5. februar sa han til Fjordingen at ei regiongrense mellom Sunnmøre og Nordfjord vil vere øydeleggjande for ei kommunesamanslåing på tvers av dagens fylkesgrense. Han meiner regionen Nordfjord- Søre Sunnmøre må jobbe saman for å hindre at Sunnmøre blir del av «Stor-Trøndelag». Lødemel meiner ei regiongrense på Romsdalsfjorden er naturleg.

- Vi er vestlendingar

Møre-Nytt har spurt ordførarane Stein Aam (Sp, Ørsta) og Jørgen Amdam (Ap, Volda) om kva veg Ørsta/Volda bør sjå i ein regionreform. Begge er klare på at Sunnmøre, og særleg Søre Sunnmøre, bør sjå sørover mot Bergen.

– Vi er vestlendingar, ikkje trønderar, seier Stein Aam.

Ei endring av regiongrensene vil også kunne få konsekvensar for dei såkalla føretaksgrensene i helsevesenet. Det betyr at nedslagsfeltet til Volda sjukehus kan bli endra som følgje av ei reforma. Volda Sjukehus er i dag del av regionhelseføretaket Helse Midt-Noreg, som dekkjer Møre og Romsdal og trøndelagsfylka.

Ein av dei tydelegaste pådrivarane for ein samla vestlandsregion er Anne Gine Hestetun, Arbeidarpartiet sin fylkesordførar i Hordaland. Også Jenny Følling (Sp), fylkesordførar i Sogn og Fjordane, har opna for slike samtalar.

I ein artikkel i Bergens Tidende 11. januar inkluderte dei to Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland i ein slik tenkt vestlandsregion. Møre og Romsdal vart halde utanfor, fordi vår fylkeskommune har vore avvisande til å bli del av ein større region. Hestetun har likevel ikkje gløymt Sunnmøre.

Jørgen Amdam opplyser til Møre-Nytt at fylkesordføraren i Hordaland har teke initiativ til samtalar med Sunnmøre regionråd om regionreforma. Regjeringa planlegg altså å legge fram ei melding om dei framtidige oppgåvene og funksjonane til regionane i løpet av våren. Våren 2017 skal regjeringa legge fram forslag til Stortinget om ny kommunestruktur og regionstruktur. Om samanslåingane blir vedtekne, trer dei i kraft 1. januar 2020.