70 millionar kroner har dei investert i den nye trafostasjonen på Ryste, som no er oppe og går for fullt. Riving av den gamle stasjonen på Ripateigane og overflødige 66kv linjer skal og gjerast før proskjetet er fullført, fortel prosjektleiar Egil Åmbakk i Mørenett.

70 tonn: Transformatorstasjonen i Rystene er solide saker. Mørenett har to slike på plass, på 70 tonn kvar, for å sikre seg for framtida og i feilsituasjonar, sjølv om dei per i dag har nok med den eine.

– Dette gir ei tryggare straumforsyning, og anlegget er også sikrare å handtere for dei tilsette, fortel han.

Tidlegare har det vore to trafostasjonar som har forsynt Ørsta sentrum med straum. I tillegg til Ryste Transformatorstasjon, har også Ørsta Transformatorstasjon på Ripateigane vore i drift. Men før jul vart denne fasa ut, og allereie måndag startar saneringa.

Ørsta Transformatorstasjon: Den gamle transformatorstasjonen frå 50-talet i Ørsta sentrum skal sanerast. Arbeidet startar innvendig allereie på måndag.

– Dette var ein gammal trafostasjon frå 1950-talet. Tida var overmoden for å ta grep. Vi valde å satse alt på Ryste, mellom anna fordi vi då får flytta alt vekk frå sentrum, og får frigjort ei tomt der til kommunen. I tillegg er eit argument at Ryste ligg nærare Volda. Når Voldatunnelen er ein realitet, kan vi tilby reserveforsyning til Volda, fortel Åmbakk.

Ifølgje prosjektleiaren er det berre toalettet i den gamle transformatorstasjonen som har fått stått urørt etter ombygging og nybygging på Ryste.

Ryste Transformatorstasjon: Ny 132 kV-line gjer straumforsyninga sikrare og forsyner Ryste Transformatorstasjon frå to sider, mot ei tidlegare.

– Den gamle trafostasjonen her var eit lite brunt hus, som kunne likne på ein einebustad. Vi bestemte oss for å nytte oss av utstyr som kunne få plass inne i huset. Då slepp vi å gjerde inne eit større område, slik vi til dømes må i Haugen i Åmdal, der utstyret står utandørs. Då varetek vi også naturen for dei som ferdast her i området.

Nytt utstyr er på plass, og stasjonen har vorte oppgradert frå 66 til 132 kV-spenning. Eit nybygg er også ført opp i bakkant av det brune huset. Huset rommar to enorme transformatorstasjonar på 70 tonn kvar.

Straum: Gjennom denne vesle kabelen går straumen ut til heile Ørsta sentrum.

– Vi kan greie oss med den eine, men når vi først skulle gjere dette, valde vi å få på plass to. Det er ikkje berre enkelt å få frakta dei hit, og no er sikkerheita også at om den eine skulle ryke, så har vi ein ekstra.

Som ein ekstrabonus har dei også sørga for lydisolering, slik at bustadområdet i Rystefeltet ikkje vert uroa av støy.

– Dette er kanskje ikkje så vanleg, men det var noko vi valde å gjere for at folk ikkje skal verte plaga av støy. Det kan vere mykje lydar frå slike stasjonar.

Arbeidet vart starta opp hausten 2015, og Mørenett har nytta seg av fleire lokale entreprenørar i arbeidet. Både Volda Bygg, Åmdal Maskin, Bjørdal Industri, Tussa Installasjon og Ose Ingeniørkontor har vore i aksjon for å få alt på plass. Og no nærmar arbeidet seg å vere heilt ferdig. Den nye 132 kV-lina som er ført opp i området, sikrar også at transformatorstasjonen får straumforsyning frå både Ålesund (Ørskog) og frå hovudlina i Hovdenakken.

Brytarrom: Inn hit kjem straumen frå den nye 132 kV-lina.

– Det er to vegar inn. Også dette gjer straumforsyninga langt sikrare enn før, då det var berre ei 60 kV-line frå Haugen.

Det som no står att er rivinga av denne lina. Vel ei mil med kraftleidningar skal bort frå Haugen og ned mot Ryste. Dette arbeidet er så vidt i gang.

1,5 mil med nye 22 kV jordkablar er lagt frå Ryste og nedover mot sentrum, der dei forsyner alle dei små nettstasjonane rundt om, som vidare fører straumen inn til husa.

Fordeling: Heile 13 kabelavgangar på 22kV går til fordeling til ulike område i Ørsta.

Sentrumsområdet er eit vidt omgrep. Stasjonen på Ryste kan forsyne eit område som strekkjer seg frå Eiksundtunnelen til Rjånes, til Standal og Trandal, Ørsta sentrum og mot Bondalen. Forbruket er på om lag 35 MW, men anlegget kan levere oppunder 80MW.

– Vi har spandert litt på ørstingane her. Og vi er budde for Stor-Ørsta og vekst. Det er ikkje straumen det skal stå på i alle fall.