– Tenk at det har gått så mange år, seier Liv i dag.

– Det har vore mykje jobb, men du verda kor gøy det har vore, seier Jeanette Bjerkvik Leira.Dei to ser tilbake på 25 flotte, men utfordrande år som drivarar av motebutikken. Jeanette vart drivar og medeigar i 2003. Ho vart også ein del av familien då ho gifta seg med Kjetil Leira, son til Liv, kort tid etter.

Store omskiftingar

Femina har vore gjennom mange store skifte gjennom det 25 år lange livet sitt. Etter at Jeanette kom inn som drivar, flytta butikken til Fausa-bygget og fekk dobbelt så store lokale.

– Vi tok verkeleg sats. Etter ei stund vart det ny flytting til Ørsta Torg og etablering av butikk i Volda. Det var spennande tider, men det vart for mykje jobb og for dyrt å drive butikk i både Ørsta og Volda. Avstanden er for liten til at dette var liv laga, fortel butikkdrivaren.

Det kom til eit punkt der det vart for mykje arbeid og butikkane ikkje tente pengar. Då tok Jeanette og Kjetil valet med å flytte Femina til Amfi-senteret i Ørsta og legge ned butikken i Volda.

– Det har vi ikkje angra på. No har vi ein mindre butikk, og eit tett samarbeid med gode leverandørar. Vi får levert nye varer kvar veke, i staden for nokre få gonger i året. Med seks hovudkolleksjonar i året snur vi om på butikken kvar andre månad, seier Jeanette.

Bransjen og butikken har endra seg med folk sine handlevanar og med endringane i motebildet.

– I dag skiftar trendane raskt. Folk reiser meir, oppdaterer seg på nettet, og får tilsendt inspirasjon, nyheiter og tips rett heim i sofaen.

Femina har aldri vore tilknytt ei kjede, og drivarane bestemmer difor sjølv kva dei vil ta inn i butikken.

– Vi reiser ofte på messer for å fornye oss og vere på utkik etter det neste som kjem.

Tredje generasjon

Dei siste åra har tredje generasjon kome inn i drifta av butikken. Jeanette driv no Femina i lag med dottera Madeleine Bjerkvik Bekk (24). Ho kom nyleg heim frå New York, der ho studerte mote og design i eit halvt år.

– Det er veldig kjekt at vi deler same interesse. Det er sunt å ha fleire meiningar og ulike tankar når vi gjer innkjøp. Då blir det lettare å ta dei rette vala. Det å drive butikk er ikkje eit yrke, det er ein livsstil. Det er ofte butikkprat i heimen og vi må av og til seie til oss sjølve at «i dag snakkar vi ikkje butikk».

Madeleine har også ført butikken inn i ein ny tidsalder.

– Ho jobbar med sosiale medium, kommuniserer med kundar på nett, bloggar og tek bilde. Vi får mange tilbakemeldingar på nett. Det er kjekt med ros når vi legg mykje arbeid i ting, men vi er også takknemleg for å få ris. Det fortel oss kva vi bør gjere betre.

Jeanette Bjerkvik Leira ser tilbake på mange gode år i motebutikken og er klar for mange nye.

– Eg er takknemleg for å jobbe med det eg likar. Du lærer noko nytt kvar dag i denne bransjen. Det er godt å ha ein indre motivasjon som gjer at eg gler meg til å gå på jobb kvar dag.