I løpet av årets fem fyrste månader har spotprisen i snitt vore på 26,2 øre per kWh. Ein mild vinter med mykje nedbør og snøfall i fjella har fylt opp mengda i snø- og vassmagasina til 10 TWh i vassreservar på plussida.

Det skiljer seg sterkt frå åra 2010/11, då ein kald vinter førte til ein snittpris på høvesvis 46,5 og 37 øre per kWh. Den gongen var magasina heilt nede i 40 TWh på minussida.

– Sidan då har vassreservane i magasina stige med 50 TWh, noko som sjølvsagt gjev eit sterkt utslag på straumprisen. Den hydrologiske balansen er svært god, seier krafthandlar Kjell Berkvik i Tussa.

Spennande fellesferie

Han fortel at det for Tussa sitt vedkomande særleg er magasina i Åmæla, på Bjørke og delvis på Dale som nyt godt av den jamne snøsmeltinga i høgfjellet.

– Det er sjølvsagt ikkje den einaste faktoren som verkar inn på straumprisane, men det har ein del å seie. Det vert spennande å sjå om vi får eit samanbrot i prisen når fellesferien slår inn i juli. Då skrur mange verksemder av maskinane, medan folk reiser ut av bygda. Kanskje vi opplever å kome ned i 7–8 øre per kWh i råpris, ikkje medrekna moms og påslag, seier Berkvik.

Ikkje unormalt

– Korleis er straumprisane i sommar sett opp mot tidlegare år?

– Normale. Dersom ein ser vekk ifrå dei kalde åra 2010/11, er ikkje 27,5 øre per kWh unormalt i det heile. Viss ein går heilt tilbake til 2000 var prisen heilt nede i 10,3 øre, og nede i 8–9 øre i 1998/99. Det siste tiåret har den svinga over og under dagens pris, og ein ligg midt på treet no, seier Berkvik.