– Vi fekk inn mange gode namneframlegg. No har vi funne eit namn vi meiner passar godt til bygget, då tindane speglar seg i bygget vårt som er prega av glasfasade, seier Arne Johan Rebbestad og Per Magne Mork som eig Tindebygget i Ørsta sentrum.

I samband med renoveringa av bygget, som inneheld areal til næring og leilegheiter, gjekk eigarane tidleg i sommar ut og oppmoda folk om å kome med namneframlegg for bygget. Det mangla ikkje på forslag, og prosessen med å finne eit godt namn har vore omfattande og grundig.

– Vi sette ned ei «ekspertgruppe» for å vurdere namneframlegga. Vi var også i kontakt med språkekspertane Terje Kjøde og Ottar Grebstad for å forsikre oss om at namnet ikkje krasja med nynorsken. Det hadde passa dårleg i Ivar Aasen si heimbygd, seier Rebbestad og Mork.

Det kom inn over seksti namneforslag. Mange av dei var gode, synest huseigarane. Nokre av forslaga var humoristiske, som mellom anna Det kvite hus og Skampletten. Meir seriøse framlegg var mellom anna Spegelen, Fjellgløs, Glasnost, Snigelhuset, Glashuset, Fjellsyn, Alpesyn, Fjellsjå, Tindespegelen, Ørstaspegelen, Ørsta Plaza, Stjerna, Krystallen, Perla, Glasmagneten og Diamanten.

Sila ut

Etter å ha sila ut ei rekkje forslag, stod juryen att med fem namn.

– Vi spurde også leigetakarane i bygget vårt kva dei meinte. Til slutt stod vi att med tre namn, Vidsyn, Ørsta panorama og Tindebygget. Vi valde det namnet som var best likt av ålmenta, seier Rebbestad og Mork.

Det var Jarle Myklebust som foreslo Tindebygget. Han vert premiert med eit halvt års treningsabonnement på Aktiv Trening som held til i Tindebygget.

– Tanken bak å kalle huset for Tindebygget er at fjelltindane speglar seg i glasa i bygget. Det er nok delte meiningar om bygget sin utsjånad, men vi har berre høyrt positive kommentarar, fortel Rebbestad og Mork.

Dei har no fylt opp mykje av Tindebygget med nye leigetakarar. Berre eit lite areal står att i andre høgda der det er plass til nokre kontorarbeidsplassar.

<strong>Tindebygget:</strong> Melshornet, eller «Melstindane», speglar seg i Arne Johan Rebbestad og Per Magne Mork sitt bygg i Ørsta sentrum. Dei takkar for alle bidrag i namnekonkurransen.