Etter fjorårets store interesse for bubiltreffet i Ørsta, gjentek Per Åmbakk arrangementet også i år.

– Vi vil gjerne at treffet skal bli tradisjon. Treffet var veldig populært i fjor, då her var 56 bilar stilt ut på grusbana ved Ørsta stadion. I år er det også over 50 påmelde. Men vi har plass til mange fleire.

Program

– Fredag vil vi bruke på å bli kjende med kvarandre. Det vil vere live musikk på parkeringsplassen, og vi vil kose oss i lag.

Laurdagen vil det vere aktivitetar på plassen her, men av erfaring frå i fjor tek folk seg gjerne ein sykkeltur eller går ein tur i sentrum.

På kvelden derimot, vil det vere middag og dans på kulturhuset i Ørsta, med heilgrilla gris, og musikk frå dansebandet Stine Nilsen, fortel Åmbakk.

– Det blir spennande å sjå utfallet av helga. Eg har senka skuldrene, for påmeldinga er god. Men eg skulle ønske at fleire frå Ørsta/Volda kjem.

Det kjem bubilar frå både Austlandet, Sogn og Trøndelag.

– På bubiltreff får ein nye vennar kvar gong!