5. juli opna butikken Tabriz Tepper AS i Vikegata 8. Ekte handknytta persiske golvteppe og teppebilete er satsingsområdet.

Eigarane, Shahab Chehri og sambuaren Merete Olsen frå Volda, står klare for å ta i mot kundar seks dagar i veka. Dei håper det er marknad for teppebutikken i Ørsta.

– Vi sel skikkelege produkt og teppe du kan ha for livet, konstatera dei.

Lang tradisjon

Shahab Chehri kjem opphavleg frå Iran. Tradisjonen og verdien av persiske teppe er han difor både oppteken av og nært knytt til. Han fortel at han alltid har hatt interesse for teppa, og at han siste året sette seg skikkeleg inn i teppeindustrien. Ideen om å opne teppebutikk blomstra, og førre veke vart tanken realisert.

Shahab Chehri ønskjer å poengtere verdien av at teppa han sel er heilt ekte og har lang levetid.

– Eg er ute etter å selje gode produkt. Alle teppa vi sel er heilt ekte og av svært god kvalitet. Det finst veldig mange kopiar av persiske teppe, men dei har på langt nær så god standard som dei ekte har. Teppa vi sel er laga av reine naturmateriale og naturlege fargar. Det viser igjen på kvaliteten. Eit ekte handlaga persisk teppe skal vare i veldig mange tiår, opplyser han.

Teppeindustrien er stor i Iran og ein industri iranarar brenn for og er stolte av, seier Shahab. I mange hundreår har persiske teppe blitt verdsett for sitt unike handverk. Teppa blir namngitt etter byen i landet det har opphav frå, og teppa har sine eigne kjenneteikn og mønster basert på kva by eller landsby det er knytt til. Namnet på butikken, Tabriz, er også namnet på ein av dei eldste byane i Iran. Tabriz er kjent for å vere eit viktig teppesenter i landet.

Bakgrunnen for at butikken har teke i bruk dette namnet, er fordi dei hovudsakleg sel mest teppe frå denne byen.

– Men vi har forskjellig anna utval også. Vi har teppe i ulike størrelsar og prisklasser, alt ettersom tettleiken på knutane og materiale det er laga av. Vi har eit teppebilete som har 500.000 knutar per kvadratmeter, fortel Shahab.

– Eg vil ønskje alle velkomen hit. Det er veldig hyggeleg om folk berre kjem og kikar, seier Merete Olsen.

<strong>Lokale:</strong> Butikken er lokalisert i Vikegata 8, og vil vere open seks dagar i veka.