Femina har eksistert i Ørsta sidan 1990, og dagleg leiar Jeanett Bjerkvik seier dei ser fram til å etablere verksemda i nabobygda.

– Mange av kundane våre kjem frå Volda, og fleire har spurt oss om vi skal opne butikk her. No gjer vi det, og vi gler oss til å ha to forretningar – ei i kvar bygd.

Selskapet har no seks tilsette, med May-Lis Lade frå Cafe Latter som nyaste tilsett.

– Eg gler meg stort til opninga på onsdag, seier ho.

Nisjebutikk

Femina er ein klesbutikk som tilbyr merkekler og sko du ikkje finn i andre kjeder. I vareutvalet finn ein både kvardagsklede, sko, hattar, skjerf og meir til.

Bjerkvik seier dei kjem til å ha forskjellige varer i kvar av dei to forretningane, men at dei kjem til å føre dei same merka både i Volda og i Ørsta. Selskapet kjem framleis til å halde fram med å berre tinge inn ein storleik av kvart plagg.

– Då er databasen på heimesida uvurderleg med tanke på å halde oversikt over kva kle som fins i kvar av dei to butikkane. Dersom ein til dømes ikkje finn kjole med rett storleiken i Ørsta, kan det hende vi har den inne i Volda, seier ho.

Snart kjem også ei herreavdeling på plass.

Utvikling

– Kor nøgd er du med å etablere deg på Spinneriet?

– Veldig nøgd. Då eg høyrde at det vart ledige lokale her nede, var eg ikkje i tvil om å slå til.

Bjerkvik nemner også at det har vore viktig å knytte til seg flinke folk, for å .

– Vi er heldige som har fått tilsett vaksne damer til å stå i dei to butikkane våre, seier ho.