– Det er godt å sjå alle klassekompisane igjen! seier Anita Standal Digernes.

Ho og venninnene Helene Velle Mayer og Veronica Hafezi er på veg til klasserommet når Møre-Nytt treff dei. Rektor Trond Hjelseth har nett framført sin velkomsttale til dei heimvende, og det er lite som minner om tungsinn på fyrste skuledag.

– Det vert eit spennande år. Ein av fordelane med å vere andreklassing er at vi no kan velje meir fritt kva fag vi vil ta, seier Mayer.

På spørsmål om kva som er favorittfaga, svarar alle tre at det er realfag som står dei nærast. Det er heller ikkje noko i vegen med ambisjonsnivået.

Venninnene er samstemde om at storbyar som Oslo lokkar etter enda skulegang, noko som gjer at dei forventar mykje jobbing i månadene som kjem.

Skal styre pc-bruken

Rektor Hjelseth er meir enn klar for å gå laus på eit nytt skuleår, og seier elevane kan vente seg fleire nyvinningar den komande tida.

Dei som hugsar Møre-Nytt sin føljetong i vinter om utanomfagleg pc-bruk i skuletimen vil kanskje få sjå ei løysing på problemet.

– I løpet av ein månads tid håpar vi å ha på plass eit system som gjer det muleg å regulere internettilgangen på kvart enkelt klasserom. Vi erkjenner at pc-ar og mobilar vert nytta til utanomfaglege ting, noko vi vil rette på, seier Hjelseth.

I tillegg satsar skulen tungt på IKT-opplæring blant dei tilsette, og sender seks lærarar på kurs for å gje betre kompetanse kring pc i skulen.

Sprengt kapasitet

Årets tre kull tel heile 525 elevar. Dette er tett opp til maksgrensa ifølgje Hjelseth.

– Kapasiteten ved skulen er rimeleg sprengd no, med 25 fleire elevar enn i fjor. Viss det kjem fleire no, vert vi nøydde å omdisponere klasserom.

– Vert det naudsynt med utviding av skulen trur du?

– Nei, eg trur talet på elevar kjem til å flate ut no, når både Ulstein og Ørsta vidaregåande skule vert bygd ut.

Det er i alle fall liten tvil om at skuleåret 2012/13 er i gang.

Rektor Trond Hjelseth vonar å ta hand om problemet med utanomfagleg pc-bruk i år.